Lokal | 16. jan. 2011

Elv over veg

Både brannvesenet og teknisk vakt i Os kommune har vore i sving for å ta unna vatn i helga.

Elv over veg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 16. jan. 2011 15:58

Etter ein laurdag nesten utan nødbør såg det ikkje ut som om flaumvarselet som kom før helga skulle slå til. I alle fall ikkje i Os.

Men mildvêret og regnet sundag har gjort at det har blitt nokre oppdrag for både brannvesenet og teknisk vakt i Os kommune.

- Vi har vore i Lønningdal med gravemaskin og traktor for å laga ny passasje til ei elv som rann over vegen og ned til kjellaren på ein bustad, fortel seksjonsleiar for samferdsle i Os kommune, Arne Håkon Rød.

- Dette var også eit problem førre vinter, legg han til.

Framleis glatt
Sjølv om mykje av snøen smeltar no når temperaturen er oppe i 7 gradar, er is i vegen framleis eit problem fleire plassar.

- Vi strør og strør, men grus og salt forsvinn fort med regn og rennande vatn frå snøsmeltinga. Det er framleis nesten ein meter med tele fleire plassar, og når det ligg is oppå og isolerer så tar det tid.

Brannvesenet lensa båt
Os brannvesen var i går i Skeisstøa og lensa ein båt.

- Båten ligg i ein marina, og den låg djupt i sjøen. Sidan båteigar var vekke tok vi oss av lensinga, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

I dag har brannvesenet vore på Søfteland på nytt oppdrag relatert til vatn.

- Noko overvatn var i ferd med å ta seg inn i ein kjellar. Då vi kom fram hadde huseigar fått gravd ei grøft og lånt seg ei pumpe, så mykje av arbeidet var gjort.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.