Elkjøp inntar møbelmarknaden
Satsar stort på komplette kjøkken.
Kjøleskap, komfyr, kaffimaskiner og anna kjøkkenelektronikk utgjer ei stor og viktig varegruppe hos både kjeda og Elkjøp Os.
I desse dagar bygger dei om butikken for å opna opp med heilt ny varegruppe; kjøkkenmøblar.
– Ombygginga omfattar òg ei ominnreiing for utvida tv-, lyd- data- og nettbrett-utstilling. Nettbretta blir betre vist og vi utvidar utvalet innan Mac. Men komplette kjøkken er det store, nye, seier butikksjef Bjarte Johannessen.
Svensk kvalitet
Elkjøp-kjeda har blitt ein av to norske forhandlarar av svenske Epoq, og går no i konkurranse med blant anna svenske Ikea.
– Vi har stor tru på Os og at fleire av dei som bygger nytt og dei som vil pussa opp like gjerne tar handelen lokalt i staden for å reisa Bergen rundt for å sjå på kjøkken, seier Ronny Sæterdal, ein av dei tre eigarane av blant anna Elkjøp på Os.
Eigen designar i butikken
– Vi får komplett utstilling av 4 av Epoq sine 16 kjøkkenmodellar, med ulike benkeplater, også i skifer, og har i tillegg ein kjøkkendesignar i full stilling, fortel Bjarte.
Camille Haugland, som den siste tida har vore avdelingsleiar for tele hos Elkjøp Os, har tatt utdanning og kurs innan Epoq, og vil ut frå kunden sine mål både laga 3D-teikningar og finna eksakt pris på kvart enkelt kjøkken.
– Kjøkkenet kan òg leverast ferdig montert. Vi har avtale med Arna Innredning og kan koma til å kopla oss til fleire samarbeidspartnarar på montering om responsen blir god.
Elkjøp er i sluttfasen av monteringa og skal ha utstillinga klar på tampen av neste veke.