Elina (10) si utfordring er at ho køyrer for fort
Ho debuterte med siger i dragrace som 9-åring i vår. Denne veka fylte ho 10 og er klar for sesongavslutting på Eikås.
I fjor sommar skreiv vi om Os' raskaste 11-åring, William Moberg Hetleflåt, som no er 13 år.
I vår måtte unge William sjå seg slått av den 9 år gamle sambygdingen Elina.
– William køyrer klassen over og er meir erfaren, men det er lite som skal til for at du blir diskvalifiser og det var jo stor stas for Elina å vinna i debuten, seier pappa Øystein Tresland Helgesen.
Unge og vaksne osingar innan ulike typar motorsport er klare for sesongavslutting på Eikås denne helga.
Den yngste er nykomar Elina Tresland Andersen, som nyleg fylte 10.
Oppdaga «talentet» i ei vassklie
Det er ikkje berre pappa si interesse for motorsport som har ført Elina opp i dragracebilen, ungjenta frå Kuvågen har alltid hatt sans for fart.
– Då ho var yngre likte ho godt bilane i Kongeparken, og då vi i fjor var på ferie på Bali la eg merke til at vasskliene i badelandet ikkje kunne bli bratte eller raske nok.
Øystein tok Elina med til kameraten Truls, William sin far, for å sjå om ho fekk sans for raske bilar. Turen gjekk vidare, via Lom for å låna bil, til test og lisens-taking på Gardermoen.
– Det har jo heilt klart med mi interesse for motorsport å gjera, òg. Eg såg ikkje heilt for meg at ho skulle klara å dra meg med i ein stall eller liknande, så eg er glad for at ho likte dette. Det er ein kjekk ting å gjera saman.
Litt for rask bil
Før årets sesong fekk Øystein kjøpt ramme og sett opp ein bil til dottera.
– Det handlar ikkje berre om fart, men å køyra i mål tettast mogleg tida som er bestemt på førehand. Du må ha ein god start, men ikkje køyra for fort, og heller ikkje ha for høg fart i mål.
Bilen til Elina er litt for rask, så når ho passerer 100-metersmerket må ho sleppa gassen, telja til fire, og gje gass igjen. Bilane har ikkje speedometer.
William, som tok 3.plass i NM og 5. plass i EM samanlagt, skal ha litt av den same utfordringa med sin bil.
– Elina har ikkje fått dei heilt store resultata i NM, men ho har køyrd fire NM-løp og ho har vist at ho både har ei veldig god reaksjonstid og at ho har lært mykje denne første sesongen.
– No gler vi oss til West Coast Challange på Eikås, der ho gjorde det så bra i vår.