Elevar på fleire skular i karantene etter fest
Festdeltakar testa seg fredag, fekk påvist covid-19 søndag.
Elevar ved fleire skular har søndag fått melding om karantene etter ein fest i helga.
Festen var på Kuventræ. Ein av deltakarane skal ha testa seg fredag og fått påvist covid-19 søndag.
Vedkomande er ikkje elev ved Os vgs, men Os vgs har heimeskule for alle i morgon, måndag 3. mai.
– Det var så uoversikteleg at vi valte å gjera det sånn, seier rektor Johan Henrik Lassen.
Elevar frå fleire vidaregåande skular i Bjørnafjorden og Bergen var på festen.
Elevar ved Os ungdomsskule, som deltok på testen, har via foreldra fått beskjed om å halda seg heime måndag, og å testa seg snarast råd.
Uavhengig av testresultat er alle som var på festen i karantene i ti dagar. Dette skal gjelda over 60 ungdomar.
Midtsiden har prøvd å nå kommuneoverlegane i Bjørnafjorden utover søndag kveld, utan hell.