Ekstremt god mat
Når maten er så god som den er, så bryr ikkje den eldre garde i Os seg om ekstremvêrvarsler. Fredag gjekk turen til Os eldresenter - uansett vêr.
Siste fredag i månaden inviterer dei tilsette i Os eldresenter pensjonistar til middag og dessert. Med song både før og etter servering, heimelaga mat, kake og praten som går laust rundt borda, er dette eit populært arrangement for mange.
– Vi pleier å vera rundt 50 påmeldte kvar gong, fortel leiar Knut M. Prestvold.
Det same talet var dei denne fredagen, sjølv om nokre ringte og var usikre på om dei våga gå ut på grunn av ekstremvêret som var varsla.
– Då reiste vi rundt og henta dei som var uroa for å gå ut i det dårlege vêret, så alle kom seg på plass til slutt.
– Ingenting stoppar oss
På kjøkkenet kokkelerer senteret sin eigen kokk, Marit Dyrdal. Om det nokre av gjestane fortel gjeld for alle, så er ho ein av grunnane til at folk kjem tilbake kvar månad.
– Berre det er god mat, så stoppar ingenting oss, fortel ein av gjestane, med tydeleg tale til «Tor» som ruskar utanfor vindauget.
Trygve og Inger Nesse plar ofte ta turen på dei månadlege treffa.
– Det er god mat og veldig kjekt, fortel dei.
Arthur Lunde er heilt einig.
– Vi veit her er god mat, og det er veldig sosialt. Og så er det kjekt at vi tek vare på tradisjonane og syng både før og etter måltidet.
– Her er det plass til alle
Prestvold fortel at den sosiale delen er veldig viktig for dei eldre.
– Eg vil oppfordra alle som vil til å koma og bli med oss, så flest mogleg kan koma saman. Her er det både medlemmar og ikkje-medlemmar.
– For å bli med på middagen siste fredag kvar månad må ein melda seg på innan onsdagen før på telefon 56 30 57 45.