Kultur | 07. des. 2013

Ekstra-ekstra med Dagfinn

VIDEO: Christine Hope og Didrik Strønen Damm gav smakebitar frå show og musikal då Oseana lansert programmet for våren 2014 laurdag.

Andris Hamrelaurdag 07. des. 2013 19:13

Det blir eit tettpakka og variert program på Oseana også den kommande våren. 3x Dagfinn Lyngbø, Jan Eggum, Riksteateret x 5, spesialkomponerte framsyningar, Christine Hope og musikalen Oliver er berre noko av det som kjem i kulturhuset den kommande våren.

– Det er eit program vi er nøgd med og stolte av å presentera, fortalde Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg då han og arrangementssjef Berit Steen presenterte vårprogrammet på Oseana laurdag.

Didrik som Oliver

Didrik Strønen Damm (9 år), med oldefar frå Os, har hovudrolla når musikalen Oliver vitjar huset helga 29. og 30. mars.

– Eg har ikkje øvd så mykje enno, men før vi har premiere her på Os, så skal eg gjera det, fortel ungguten som allereie har spelt på Den Nationale Scene, i Judasevangeliet og PuttiPluttiPlott. I tillegg syng han i Bergen guttekor.

– Du har ikkje tid til å gå på skulen du da, undar Midtsiden

– Joda, ler den talentfulle guten.

– Eg rekk det òg.

I Oliver kjem det 60-70 barn og vaksen for å formidla Lionel Bart sin kjende musikal. Musikalen er omsatt av Klaus Hagerup.

Eirik med truse

Christine Hope vitja programlanseringa i rolla som mor til Caroline Krüger og kom inn på kongen av Os. Ikkje Terje Søviknes, men Eirik Snøfteland som ho kalla han.

– Caroline kunne songe duett med han, men då måtte han ha hatt trusa på, kom det frå scene.

Eirik Søfteland med truse, kan du få med deg i Oseana sin nyttårskonsert med Bergen Unge Kammerorkester (BUK). Søfteland er gjesteartisten.

– BUK er eit fantastisk kammerorkester med unge talentfulle musikarar.

– I tillegg til Eirik er Marianne Juvik Sæbø solist, fortalde Ole Tobias Lindeberg som premierte fem av dei frammøtte på programlanseringa med to gratisbillettar til fem av showa i løpet av våren.

Video, 2:00: Sjå Christine Hope og Didrik Strønen Damm gje smakebiter frå vårens program på Oseana (foto: Andris Hamre/Midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.