Eksplosivt i Hvelvet
På laurdag opnar ei ny utstilling i Oseana - denne gongen skal to kunstnarar dela på lokalet.
Brynhild Winther gjekk ut med master frå Kunsthøgskolen i Bergen i 2018 og har hatt fleire utstillingar, mellom anna i Bryne kunstforening, Tegneforbundet, Oslo, Immunologisk institutt, UiO, Kunstnernes hus, Oslo, Oppland kunstsenter, Lillehammer, Tag Team, Bergen og GoMa, Glasgow.
Silje Heggren er utdanna billedkunstnar og kunsthistorikar, med mastergradar frå Kunstakademiet i Bergen og UiB. Ho har mellom anna stilt ut ved Galleri Langegården, Bergen, Lysverket, KODE 4, Bergen, Kunstverket, Oslo, Mymälä2, Helsinki, og Bergen Kunsthall.
Saman skal Winther og Heggren no stilla ut i Hvelvet i Oseana.
Visuelt eksplosivt
Kurator ved Oseana Kunst & Kultursenter, Evelyn Holm, fortel at kombinasjone. av dei to kunstnarane i same rom vil vera visuelt ekspolsivt.
– Silje Heggren sine nye maleri er sterkt inspirert av den nye forskninga på tidskrystallar, men fungerar både estetisk og som invitasjon til videre refleksjon. Bakgrunnen for Silje Heggren sin nyproduserte måleriserie er to forskingsartiklar som blei publiserte våren 2017.
To forskargrupper fra MIT og Harvard skildra i desse artiklane den hittil ukjende materien tidskrystallar. Dette er ein materie som oppfører seg annleis enn alle andre materier, og forskarane er svært forundra over korleis dette får utslag.
Brynhild Winthers teikna installasjonar, frå gulv til tak, illustrerar hennar måte å sjå verda på; går du på avstand, har du mistet kontakten med detaljane. Står du for nære, har du mista oversikta.
Winther sine arbeid til utstillinga tek utgangspunkt i kjærleiksdikt ho har skrive til Renè Descartes (1596 – 1650). Winther lagar installasjonar med teikning, tekst, skulpturar og objekter, og kunsten hennar stiller spørsmål om korleis menneskje forstår verda og kva slags konsekvenser denne forståinga får for anna liv på jorda. Winther er også skribent og er fast bidragsytar til tidsskriftet Billedkunst. Ho har gitt ut boka Mitt alter ego budde i Etiopia før misjonærane kom. Winter bur og arbeidar i Bergen
Professor leiar samtalen
Holm fortel at til å leia ein samtale med kunstnarene har Oseana invitert professor i vitskapsteori ved UiB, Roger Strand.
– Roger Strand er ein populær forelesar og foredragshaldar, som med humor og pedagogisk innsikt er kjend for å inspirera lyttarane til engasjerte filosofiske samtalar.
Utstillinga til Heggren og Winther står i Oseana til 27. oktober.