Eitt mål var nok
Etter tre poeng i dramatisk oppgjer på heimebane er Lysekloster berre tre poeng bak 5. plassen på tabellen.
Ståle Steen Sæthre gav heimelaget leiinga tidleg i 2. omgang.
Det heldt til fjerde siger på rad og Lysekloster har no klatra frå 14. plass til 9. plass og ligg berre 3 poeng bak Fana på 5. plass.
Lysekloster - Egersund 1-0 (0-0)
Målskårar: Ståle Steen Sæthre (52.)
Lysekloster: Ole Kristian Olsen - Gojko Ivkovic, Denis Ljubovic (Petrit Zhubi 78.), Baste Jonassen, Ola Sjømæling - Martin Eidsvik (Hans-Christian Nysæther 72.), Sindre Flaa, Joakim Hjelmeland (Espen Birkeland 63.)- Ståle Steen Sæthre, Thomas Helland og Tommy Gaustad.
Egerund kunne ha kjempa seg frå 4. til 2. plass, og gav Lysekloster sterk motstand.
Likevel sto heimelaget høgare enn vi har sett dei siste rundane og var meir tolmodig i overgangane.
– Vi var nøydd til det, det kostar mykje krefter å mista ballen, seier trenar Thomas Sandal.
– Vi visste kva som venta oss, at Egersund ville koma raskt og dobla på kantane. Du kan gjerne tru at det ikkje kostar krefter å forsvara seg, men eg kan lova det at det krev mykje løping. I dag har alle gått i kjellaren, dette er ein skikkeleg lagsiger, seier matchvinnaren.
Gjestane pressa på og fekk mange cornarar, men heading over mål og ei nettkjenning som blei blåst for offside i sluttminutta var det nærmaste dei kom poeng.
Då Ljubovic midt i 2. omgangen sleit med krampe og måtte legga seg ned blei det mykje roping frå den Tiger-kledde tribunen, bortepublikummet ville ha fortgang i kampen. Dommar la til fem minutt, men gjestane klarte ikkje å skåra.