Eitt år sidan invasjonen: I dag blir det talar og song
Sjå programmet: Fakkeltog, talar og song for Ukraina i Os sentrum i ettermiddag.
Den Ukrainske Forening i Bjørnafjorden kommune, i samarbeid med lokale organisasjonar og kommunen, markerer i ettermiddag at det er eitt år sidan krigen i Ukraina starta.
Arrangementet i Os er eit av 65 stadar i Norge, merkte under #UniteWithUkraine.
Arrangørane opplyser at det, grunna brannfare rundt faklane, ikkje er lov med flagg eller bannarar i toget.
Her er programmet for dagen
Fredag 24. februar kl. 17.30: Oppmøte ved Kløvertun (Landboden 45, Os). Sal av faklar.
Ca. 18:00 – 18:15: Fakkeltog frå Kløvertunet til Vognhallen.
Ca. 18:20 – 19:00: Markering i Vognhallen.
Velkomsthelsing.
Ukrainas nasjonalsong ved Tetiana Sorochan.
Eitt minutt stille for ofra i krigen.
Appellar:
Ordførar Trine Lindborg
Leiar av Den Ukrainske Forening i Bjørnafjorden, Julia Tveit
Leiar av Familiens hus, Linda Hevrøy
Leiar av Flyktningtenesta, Marita Hjelle
Leiar av Sanitetsforeningen, Bjørg Strønen
Styremedlem av Den Ukrainske Forening, Pavlo Nevidnychyy
Etterpå blir det kulturelt innslag med Selma og Heine og sal av kaffi og kaffemat.