Eit uvanleg par
Saksofon møter tuba når Marius Neset og Daniel Herskedal held konsert i Os kyrkje.
Det lokale musikktalentet Marius Neset held konsert i Os kyrkje torsdag 17. oktober. Med seg har han moldenseren Daniel Herskedal på tuba. Herskedal har tidlegare spela saman med fleire besetningar og vore med på fleire plateutgjevelsar.
Neset blei i år nominert for Spellemannsprisen i Åpen klasse og albumet hans Birds blei rosa opp i skyene då det kom ut i mars i år.
Lyrisk og gripande
- Ein duo med saksofon og tuba kan oppfattast som eit uvanleg par, men båe er så musikalske at resultatet er unikt med stor kjenslemessig variasjon i uttrykk frå vedmodsfylt og melankolsk til humoristisk og leikent, samtidig lyrisk og gripande, seier Andrew Paul Holman i Os kyrkje.
- Stadig ligg jazzen under.
Musikken er eigenkomponert av Neset med rom for improvisasjonar og fridom. Dei to musikarane blei saman nominert til spelemannsprisen i Open klasse i vår for plata "Neck of the Woods".