– Eit trist oppdrag
Brannvesenet, som har redda fleire av svanene i ulike samanhengar, måtte i dag avliva ein av svaneungane.
Os brann- og redningsteneste får med ujamne mellomrom ulike "dyriske" oppdrag, frå å redda kattar ned frå tre til å knyta laus svaner som har hengt seg fast i tau eller blitt utsett for blyforgifting.
I dag fekk dei ei annan form for oppdrag.
– Vi fekk melding om ein svak svaneunge i Kuvågen og møtte ein fugl som heilt tydeleg ikkje hadde det godt, fortel brannsjef Stein Gjøsund.
Slepte seg på vengjene
Svaneungen låg i ein dam då brannvesenet kom. Då dei kom nærmare prøvde den å stikka vekk, ved å slepa seg på vengjene.
– I samråd med veterinær blei det avgjort av svaneungen skulle avlivast.
– To unge gutar hadde gjeve mat til svaneungen dei siste dagane. Det var trist for dei og trist for oss, men dessverre nødvendig når fuglen hadde det vondt.
Frå kullet i Oselvo?
Svaneungen var ringmerka med 04R, Museum Stavanger Norway, 116665.
Den kan ha vore del av flokken i Oselvo, der ein svaneunge ifølgje facebookgruppa har vore sakna den siste tida.