– Eit signal om at Osfest ikkje betyr noko for Osbygda
– Heldigvis seier publikum, næringsliv og frivillige noko anna enn politikarane, seier Hylland etter halvering og komande utfasing av kommunal støtte.
I fjor søkte Konsert og Festivaldrift AS om 500.000 kroner i fast, årleg støtte til gjennomføring av Osfest. Kultursjef Lisbeth Axelsen si innstilling var 200.000 kroner, MDG ville gi null kroner og Frp fremja alternativt framlegg til vedtak, 250.000 kroner i 2018, halvering i 2019 og null støtte i 2020.
Osfest 2018 gjekk samla sett med 223.000 kroner i overskot i 2018. (Konsert og Festivaldrift AS med 346.000 i underskot, Os Live AS med 569.000 i overskot).
Trass vedtaket i formannskapet i fjor, søkte dei i år om 250.000 kroner i støtte.
Innstillinga frå administrasjonen var å halda seg til vedtaket frå i fjor, og dette blei samrøystes, utan diskusjon, vedtatt i formannskapet i dag.
Osfest får 125.000 kroner frå Os kommune i år. I 2020 ligg Osfest, som betaler 27.000 i skatt etter fjoråret, an til å ikkje få ei krone i støtte av Bjørnafjorden kommune.
– Vi gler oss over all velvilje vi møter i administrasjonen, hos brannsjefen og hos lensmannen med praktisk gjennomføring, lån av areal og hjelp til alt frå vegstenging til oppkopling av vatn og straum.
– Osfest si framtid er ikkje avgjort av om kommunen kjem med 125.000 kroner, det doble eller ingenting. Men å ikkje støtta ein festival som Osfest er ganske unikt i norsk kommunesamanheng. Dei kan no sjekka kva støtte kommunane gir til Festspillene i Bergen, Bergenfest, Nattjazz, Vossajazz og Tysnesfest, seier festivalsjef Tor Egil Hylland.
– Fellesskapen drar lasset
Festivalsjefen bruker tal til å visa korleis resten av bygda har bidrege dei første fem åra (fram til 2018):
(Alle tal er omtrentlege)
• Dei fem festivalane har samla kosta 20-22 millionar kroner (inkl mva) å gjennomføra
• Os kommune har til saman gjeve 1,6 millionar i støtte (7 %)
• Årets bidrag på 125.000 tilsvarer 2,5-3 % (neste år ligg det an til 0 %)
• Privat næringsliv har sponsa med 2,6 millionar kroner
• Billettinntektene har vore på nærmare 12 millionar kroner
• Det er selt mat og drikke for rundt 4,3 millionar kroner
• Til saman har festivalen hatt rundt 18.000 besøk i løpet av fem år
– Samla sett har frivillige jobba 2000 dagar, minst 8 timar i snitt per økt. Om vi reknar 200 kroner per time har innbyggarane våre gjeve oss over 3,2 millionar i arbeidskraft. Bygda seier at Osfest betyr noko, politikarane seier noko anna.
Hadde håpa på meir politisk mot
– Ja, vi gjekk på ein konkurs, men også her gjorde vi vårt ytterste både med å berga selskapet og ved å ha dialog med kreditorane, der dei aller fleste fekk halvparten av pengane sine, eller halvparten av restbeløpet, sidan fleire hadde fått mykje på førehand. Bustyrar kom til eit svært ryddig oppgjer. Og vi reiste oss igjen, sjølv om vi framleis har til gode å ha fint sommarvêr på ein festival.
Hylland heng seg ikkje opp i at Os kommune i årevis har ausa ut fleire hundre tusen kroner til ei rekkje langt mindre arrangement og tiltak, trufast, år etter år.
– Dei fortener det alle saman, og kommunen har råd. Det eg reagerer på er at politikarane så tydeleg seier at Osfest ikkje betyr noko for verken Os eller osingane, når publikum, næringsliv og frivillige seier det motsette.
– Eg håper det er politikarar som kunne tenkt seg at kommunen var ein lojal, stødig og betydningsfull støttespelar, men er skuffa over at dei i så fall ikkje har orka å ta debatten, å kjempa for det dei meiner.
– Vi får berre håpa at det i neste runde blir ein betre debatt, at Bjørnafjorden kommune vil setja pris på det største kulturarrangementet i bygda på ein annan måte.
• Midtsiden samleside: Osfest