Næringsliv | 10. jan. 2016

– Eit naudsynt grep å ta

– Vi legg ned produksjonen i Noreg for å bli meir konkurransedyktige, seier Ole Klemsdal, kommunikasjonssjef i Benarx og Beerenberg.

– Eit naudsynt grep å ta
Knappe fire år etter innflytting i den tidlegare Askeladden-fabrikken blir Benarx-produksjonen lagt ned til fordel for fabrikken i Polen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 10. jan. 2016 21:08

Tidlegare i dag, søndag, fortalte vi at Benarx Solutions AS, eit heileigd dotterselskap av Beerenberg Corp. AS, legg ned isolasjonsproduksjonen i den tidlegare Askeladden-fabrikken i Hagavik.

– Det stemmer. Vi legg ned den norske produksjonen, men vidareutvikler produksjonen som allereie går parallelt ved fabrikken vår i Polen, seier kommunikasjonssjef i Beerenberg, Ole Klemsdal til Midtsiden.

Heile den norske produksjonen er i Hagavik og involverer 68 tilsette.

Produksjonen blir lagt ned i løpet av første kvartal 2016. Subsea-aktiviteten i Hagavik blir ikkje berørt av dette.

Må vesentleg ned i pris

Årsaka til nedlegginga av den norske produksjonen er dei låge oljeprisane sin innverknad på både den norske og den internasjonale marknaden.

– Mange nye prosjekt blir utsett eller kansellert, noko som igjen fører til lågare etterspurnad etter Benarx-produktene.

– Benarx må ha vesentleg lågare prisar på sine produkt for å vinna nye kontraktar og koma inn på nye marknadar, noko som er nødvendig for å oppretthalda aktivitet og samla sett trygga flest mogleg arbeidsplassar, seier Klemsdal.

– Vil nokre av dei tilsette i Hagavik bli med vidare i andre avdelingar i Beerenberg eller Benarx?

– Vi skal i vidare samtalar med tillitsvalte og tilsette. Det er førebels for tidleg å seia kva konsekvensar nedlegginga får for kvar enkelt.

Beerenberg og Benarx har hatt produksjon i Hagavik sidan 2012.

– Korleis har tida i Os vore?

– Produksjonen i Hagavik har vore svært positiv for selskapet, seier Ole Klemsdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.