– Eit ekkelt funn
Siren Johanne Hagen og Britt L. Sydnes fann to daude kattar i ein plastpose ved Esso-stasjonen.
Siren Johanne Hagen og Britt L. Sydnes, som jobbar med drift og vedlikehald i Os kommune, var i dag innom pumpestasjonen som ligg mellom Osøyro og vaskehallen til Essoen.
Ved sidan av ein konteinar på utsida låg ein plastpose som vekka merksemda til dei to.
– I posen låg to daude kattar. Det var eit veldig ekkelt syn, synest Siren.
Den eine var ung og lys i pelsen, den andre svart og stor og kraftig.
– Det var ikkje blod på nokre av kattane, så eg veit ikkje korleis dei har døydd.
– Men ein kan ikkje dumpa daude dyr på denne måten og eg håper det ikkje står dyreplaging bak dette, seier Hagen, som også har kontakta politiet om funnet.