Lokal | 11. aug. 2010

Eit dyrisk døgn

Det siste døgnet har politiet blant anna fått melding om laus hund, lause hestar og lause kyr.

Eit dyrisk døgn
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. aug. 2010 10:29

Ein golden retriever blei i går funnen og tatt hand om av ein privatperson, men vedkomande fekk sjølv kontakt med eigar, så her blei det ikkje bruk for politiassistanse.

Så kom melding om tre lause hestar i Hegglandsdalen.

- Vi var på veg ut då vi blei omdirigert til anna oppdrag. Eg er ikkje sikker på korleis det gjekk med hestane, men sidan vi ikkje høyrte meir reknar eg med at dei kom under kontroll, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Rus, moped og båt
Det andre oppdraget var melding om rusa person. Ein mann i Os sentrum var i 15-tida i går for rusa til å ta hand om seg sjølv og fekk hjelp av politiet.

- Det kom også inn melding om ein som kjørte moped utan registreringsskilt. Vi var og såg etter denne, men fann den ikkje.

Politiet har også sjekka ein båt på hengar i Hegglandsdalen, men her skal alt vera lovleg lånt og OK.

Kyr på E39
Onsdag morgon fekk politiet melding om lause kyr på E39 på Moberg.

- Vi har vore i kontakt med bonden og han skal ha fått alle inn bak gjerdet igjen, seier Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.