Kultur | 26. apr. 2013

Eirik syng duett med Gaute

Eirik Strønen Søfteland fortel korleis han vil synga My Way på "den rette måten" - og om ei lita overrasking til kveldens Idol-sending.

Eirik syng duett med Gaute
Idol 2013: Eirik Strønen Søfteland skal synga duett med Gaute Ormåsen fredag kveld. (Foto: Thomas Reisæter/TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. apr. 2013 14:28

Eirik imponerte med eigenkomponert låt førre fredag, gjekk til topps på iTunes og ligg no på 6. plass på VG-lista.

Fire finalistar står igjen når Idol i kveld klokka 20 går i gang nest siste runde før superfinalen.

Osingen Eirik skal som kjent synga Sinatra-låta "My Way".

Men korleis vil han framføra ei så kjent låt, ei låt som så mange har sunge før han, både Sinatra, Elvis, tidlegare Idol-finalist Gaute Ormåsen – og av uendeleg mange 60-70-åringar på firmafest og bryllaup?

– My Way er enkel og vanskeleg. Låta er enkel å synga seg gjennom, men vanskeleg å synga på rett måte, seier Eirik til Midtsiden etter fredagens kameraprøve på TV2.

– Låta er skriven til Frank Sinatra av Paul Anka. Anka blei inspirert til å skriva låta etter at dei to kameratane hadde hatt seg noko whiskey saman på ein pub, og Sinatra hadde fortalt om opp- og nedturane sine. Musikken var frå før laga av ein tysk komponist, fortel Søfteland, som fleire gongar har fått høyra at han er den i Idol som har "mest musikk i seg".

– Det handlar om å formidla, om du vil gjera My Way skikkeleg. Det er det eg skal prøva på i kveld, å formidla My Way slik det skal gjerast.

– Ingen rocka vri, altså?

– Det blir klassisk og pompøst, sånn det skal vera, men litt "edgy", blant anna med innslag av gitarspeling, røper han.

– Og du stiller i dress med stram flette?

– He, he! Nei, eg stiller som Eirik, men eg pyntar meg litt i dag.

Byr på duett - med Gaute!

Finalistane har i kveld valt låtar som tidlegare har vore gjort til Idol-magi av Alejandro Fuentes, Gaute Ormåsen, Aleksander With og Erik Flaa.

Desse tidlegare deltakarane er med i kvelden show, melder Idol Norge på Facebook i dag.

– Det stemmer. Eg skal synga duett med Gaute og vi har valt låta "Say Say Say" av Paul McCartney og Michael Jackson, seier Eirik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.