Eirik skal dansa på TV2
I dag gjekk TV2 ut med dei 11 kjendisane som skal delta i «Skal vi danse» til hausten. Gjett kven som representerer Os!
Så var det berre for oss osingar til å lada kontantkortet på mobilen igjen:
I dag gjekk TV2 ut med kven som skal delta i det som blir den niande sesongen med «Skal vi danse» på TV2.
Blant dei 11 kjendisane er Idol-finalist Eirik Strønen Søfteland frå Os.
– Eg har dansa masse med jenter, men har ingen kurs eller liknande i pardans, så dette skal bli spennande, seier Eirik til Midtsiden.
Eirik er for tida i Nedstrand utanfor Haugesund for å spela inn plate.
– Invitasjonen til å vera med kom kort tid etter Idol-finalen. Eg ville takka ja på strak arm, men gjekk naturlegvis ein runde med managementet først, for å høyra om dei meinte eg fekk tid til dette.
I tillegg til Eirik skal politikarparet Eli og Carl I Hagen delta Det skal også gründar og eksmodell Linda Johansen, Cæsar-skodespelar Kim-Daniel Sannes, programleiar og modell Kathrine Sørland, fotballtrenar og motivator Tom Nordlie, vêrpresentatør Isabella Martinsen, artist og låtskrivar Venke Knutson, ørkenrallykjører Pål Anders Ullevålseter, skodespelar og motivator Jarl Goli.