Eirik og Liv Grete skal leia 17. maisendinga
Kommunen har engasjert profesjonelle, lokale krefter til direktesendinga frå Oseana.
- Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her
For knappe to veker sidan fortalte Bjørnafjorden kommune at årets offisielle 17. maimarkering blir direktesendt video frå Oseana, ikkje samling på Kyrkjeflaten, grunna koronakrisa og forbod mot barnetog.
I dag avslører kommunen meir av programmet for sendinga.
– Vi har vore heldige og fått med oss Liv Grete Skjelbreid og Eirik Søfteland som programleiarar, fortel Stine Kobbeltvedt frå kultureininga.
Liv Grete Skjebreid har TV-erfaring både frå den lange, gode skiskyttarkarriera og seinare som ekspertkommentator, deltakar i Mesternes Mester og som programleiar for Idrettsgallaen.
Eirik Strønen Søfteland har vore i finalen i Idol, vunne Skal vi Danse, vore på fleire episodar av Beat for Beat og vore gjesteprogramleiar for Allsang på grensen to gongar.
– Har de jobba saman før?
– Nei, men eg har hatt han på besøk hos meg, fortel Liv Grete.
– Eg har sunge for gjestar på konferansesenteret Skjelbreid Poiree, legg Eirik til.
Programmet byrjar å ta form
Kobbeltvedt seier programmet ikkje er ferdig spikra, og at nye retningslinjer frå regjeringa i morgon kan avgjera kva fleire innslag som kjem.
Førebels program - dette er klart til no:
- Sendinga startar truleg rundt klokka 11.30, nærmare informasjon kjem
- Innspelinga går utandørs, på terrassen utanfor foajeen på Oseana
- Ordførar Trine Lindborg held tale og blir intervjua av programleiarane
- Os Musikkforening og Os skulekorps skal spela
- Ord for dagen blir av 7. trinn ved Os barneskule (spelt inn på førehand)
- Song av 1. og 2. trinn ved Os barneskule (musikkvideo spelt inn på førehand)
- Talane til russepresidentane blir spelte inn på førehand og lagt inn i sendinga
- Lokalavisene sender inn ferske videorapportar frå krinser og bygder
- Klokka 1300: Allsong «Ja, vi elsker». Ei avdeling av koret Fonos blir forsongarar
- Avslutting: «Gratulerer med dagen!» innsendte klipp frå krinsane og bygdene
– Eg trur dette blir ei fin blanding av direktesendt program og forhåndsinnspelt materiale. Song og musikk av dei yngste ved Os barneskule kjem som ein musikkvideo der både foreldre og andre kanskje får sjå ungane betre enn når dei står på Kyrkjeflaten, seier Anders Fløysand frå Varde Film.
Varde styrer sendinga, som blir strøymd direkte blant anna her på Midtsiden.
Ulike andre aktivitetar
Både i Øyane og Holmefjord er det konvoi med båtar 17. mai, Os Amcar Club vil køyra kortesje. Andre bygder og krinsar legg sine planar.
– Komiteane i krinsane styrer seg sjølv, og vi har tillit til at dei oppdaterer seg og gjennomfører etter gjeldande retningslinjer frå Folkehelseinstituttet. Vi er glad for å sjå at fleire komitear er kreative! Årets 17. mai er ikkje avlyst, men den blir annleis, seier Kobbeltvedt.
Nærmare feiringa vil vi publisera eit mest mogleg komplett program.
Har krinsen din planen klar? Har du og familien, eller venegjengen, noko kreativt på gang? tips@midtsiden.no