Kultur | 10. mai 2013
Eirik nøgd!
Video: Eirik Søfteland er nøgd med eigne prestasjoner. – Det å synga si eige låt for 8000 menneskjer i Oslo Spektrum var rått.
Andris Hamrefredag 10. mai 2013 21:16
Oslo Spektrum kokte kvar gong Eirik Søfteland gjekk på scenen. Kven skulle tru at det var ein "ukjend" artist som heldt show?
– Du eig salen, scenen og Oslo Spektrum, meinte Kurt Nilsen.
Eirik sjølv opplevde å ha ein god kveld i Oslo si storstove.
– Dette var dritfett.
– Spesielt når publikum reiste seg på mi eiga låt, fortel showmannen til Midtsiden i pausen på Idol-sendinga.
Midtsiden kjem tilbake med fleire reaksjonar når vinnaren er kåra.