Kultur | 01. mars 2013

Eirik flytta til Oslo i dag

Idol-Eirik sin siger i semifinalen: Framsyninga. Festen. Framtida.

Eirik flytta til Oslo i dag
Eirik Søfteland etter at han og Ola Weel Skram (t.h.) blei ropt opp som vinnarar av Stian Blipp onsdag. (Foto: Olav Skorpen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. mars 2013 15:31

Bildeserie:

Eirik sin fans stilte sterk og synleg. (Foto: Olav Skorpen)
Eirik sin fans stilte sterk og synleg. (Foto: Olav Skorpen)
Og Eirik fekk straks auge på supportarane. (Foto: Olav Skorpen)
Og Eirik fekk straks auge på supportarane. (Foto: Olav Skorpen)
Dommarane og programleiar Stian Blipp. (Foto: Olav Skorpen)
Dommarane og programleiar Stian Blipp. (Foto: Olav Skorpen)
Eirik leverte ei strålande framføring av "Come together". (Foto: Olav Skorpen)
Eirik leverte ei strålande framføring av "Come together". (Foto: Olav Skorpen)
Show og moonwalk blei det òg. (Foto: Olav Skorpen)
Show og moonwalk blei det òg. (Foto: Olav Skorpen)
Så demonstrerte han korleis ein god klem ser ut. (Foto: Olav Skorpen)
Så demonstrerte han korleis ein god klem ser ut. (Foto: Olav Skorpen)
På telefon med Midtsiden i pausen. (Foto: Olav Skorpen)
På telefon med Midtsiden i pausen. (Foto: Olav Skorpen)
Os-publikum både i front og til høgre. (Foto: Olav Skorpen)
Os-publikum både i front og til høgre. (Foto: Olav Skorpen)
Han var ikkje sein å be då dei fire beste blei ropt opp. (Foto: Olav Skorpen)
Han var ikkje sein å be då dei fire beste blei ropt opp. (Foto: Olav Skorpen)
Eirik og Ola er vidare! (Foto: Olav Skorpen)
Eirik og Ola er vidare! (Foto: Olav Skorpen)
"Juryen" frå Os. (Foto: Olav Skorpen)
"Juryen" frå Os. (Foto: Olav Skorpen)
Så var det fest med venar, blant andre Anne Hægland frå Os. (Foto: Olav Skorpen)
Så var det fest med venar, blant andre Anne Hægland frå Os. (Foto: Olav Skorpen)
1 av 12

Onsdag gjorde osingen Eirik Søfteland (24) reint bord i fjerde av fem semifinalar i Idol, og tok med det ein av dei ti plassane i første finalerunde.

Les òg:
– Jaaaaa!
Sjekk reaksjonen!
Fekk vist videoen på VG Nett

Her fortel han om timane etter triumfen.

– Følte meg trygg

Når vi spør musiker-pappa Tord Søfteland korleis det var å sitja "ringside" onsdag, seier han at han ikkje var særleg nervøs.

– Eg og Eirik er litt lik der. Anten så går han vidare, eller så går han ut. Vi blir ikkje så nervøse.

Eirik sjølv seier han hadde tru på at det skulle gå vegen.

– Eg følte framføringa gjekk bra og var veldig nøgd med tilbakemeldingane frå dommarane. Sidan eg blei ropt opp først blant dei fire som hadde sjanse på å gå vidare, så rakk eg ikkje bli skikkeleg spent.

– Men då vi fire sto på scenen på slutten, og dei to vinnarane skulle bli ropt opp, kjente eg suget i magen. Det var utruleg deilig då Blipp leste opp namnet mitt, seier Eirik.

Veldig takksam

Etter framføringa tidlegare på kvelden sa Stian Blipp at han hadde fått fleire hundre klemmar i løpet av Idol-tida, men dei beste hadde han fått av Eirik.

Unge Søfteland demonstrerte korleis du skal gje ein god klem. Og det kan blei fleire klemmar å dela ut, for i forkant av sendinga var bodskapen "mange klemmer på de som stemmer".

– Eg er veldig takksam for den støtta eg har fått heime i Os, seier Eirik, bevisst på kva "klemme-gjeld" han bygger seg opp.

Tre timar søvn - og på TV igjen

Etter sendinga onsdag gjekk kameratane i salen på fest. Eirik òg, men først var det informasjonsmøte og ei lita samling med deltakarane på hotellet.

– Så gjekk vi på Revolver, der vi møtte ein god haug med osingar, både dei som var i salen og såg på og andre som er i Oslo.

– Det var knallkjekt, men det blei litt seint. Eg fekk berre tre timar med søvn før eg måtte stå opp for å koma meg i intervju på God Morgen Norge, som heldigvis var flinke til å sminka meg sånn nokolunde vaken, ler Eirik.

– Vi var ein gjeng osingar som sat saman heime hos ein av oss og såg Eirik. Det var enorm stemning, og veldig kjekt å koma ned til by'n å treffa han og resten av følgjet frå Os, seier Jon Øyvind Tøsdal.

Flytta til Oslo i dag

Torsdag ettermiddag var Eirik tilbake i Os igjen. For å pakka.

– Eg reiser til Oslo igjen fredag morgon, sa Eirik til Midtsiden i går.

– No skal eg bu saman med dei andre deltakarane fram til det er over. Alle vi som har gått vidare frå dei første fire semifinalane skal sjå semifinalen direkte i kveld, for så å samlast etterpå.

– Kan nå endå lengre

Eirik vil ikkje seia noko om framtidige låtval eller strategien vidare.

– Eg har naturlegvis ei liste, men den kan bli justert fram mot kvar runde. Vi får ta veke for veke og håpa på vidare støtte.

Når vi spør pappa Tord om kva han meiner er Eirik sin største styrke, svarer han "tryggleik og rutine".

– Eirik har stått på ein scene før, og han er roleg og trygg på det han gjer. Det er noko anna for dei som kjem rett frå pikerommet og så må takla både framføringa og sirkuset som er rundt.

– Så gjeld det å treffa med låtvalet og å få med seg fansen til å stemma frå veke til veke, seier Idol-pappa Tord Søfteland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.