Kultur | 19. juni 2013

Eirik er danse-favoritt

Eirik Søfteland fårein heilt annan odds i Skal vi danse enn han hadde i Idol, og er saman med «Vær-Isabella» favoritt før sesongstart.

Eirik er danse-favoritt
Då finalerundane i Idol starta fekk han 25 i vinnarodds, før <em>Skal vi danse</em> får Eirik 5. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. juni 2013 08:10

Måndag blei det kjent at Idol-finalist Eirik Søfteland frå Os er blant deltakarane i den niande sesongen av Skal vi danse, som blir vist på TV2 til hausten.

No får «Idol-Eirik» og «Vær-Isabella» favorittstempel i danseprogrammet.

Speleselskapet Betsson held Eirik Søfteland og Isabella Martinsen som favorittar, medan eks-partiformann Carl I. Hagen og kona Eli blir spådd ein rask exit.

– Eirik beviste i Idol at han både kan synga og laga show. Nordmenn blei sjarmert av Eirik og stemte han fram til finalen, det trur vi vil skje igjen, seier Daniel Vassbund, oddssetjar i speleselskapet Betsson.

– Isabella Martinsen blei av bladet Mann kåra til Norges mest sexy kvinne i 2010, i tillegg har ho mange års erfaring framfor tv-kameraet, legg han til om den andre favoritten.

Oddsen på vinnar i «Skal vi danse» 2013:
Eirik Søfteland 5,00
Isabella Martinsen5,00
Kim-Daniel Sannes6,00
Venke Knutson7,00
Kathrine Sørland10,00
Tom Nordli 12,00
Linda Johansen15,00
Jarl Goli15,00
Pål Anders Ullevålseter 18,00
Carl I. Hagen20,00
Eli Hagen25,00

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.