Eirik Casha inn
Eirik Søfteland song Johnny Cash, fekk ros og er blant dei seks som er vidare i Idol.
Etter påske og ein fri-fredag førre veke var Eirik Søfteland og dei andre seks finalistane som er med i innspurten i Idol i kveld tilbake på TV2-skjermen.
Les òg: Rocka påske for Eirik
Osingen Eirik var andremann ut og kveldens tema var country, der Eirik stilte med Johnny Cash-låta «(Ghost) Riders in the sky».
– Eg har vore litt sjuk og var ikkje heilt pigg i dag, men før eg skulle på scenen kom energien og eg er sjølv nøgd med framføringa, sa Eirik til Midtsiden i pausen.
Også dommarane var nøgde:
– Du har nok tatt kveldens låt for meg. Eg elskar denne låta og det var herleg å høyra på. Eg bøyar meg i støvet, sa Kurt Nilsen i dommarpanelet.
– Du var den vi trudde skulle låsa seg til éin sjanger, i staden er du den som stadig viser at du meistrar ulike sjangrar samtidig som du gjennomfører det på din måte, sa Gunnar Greve.
Topp 3
Også Dansken og Tone gav ros til Eirik, som nok ein gong tok seg vidare utan å vera blant dei tre som hadde fått færrast stemmer.
Vi skal med andre ord ikkje sjå vekk ifrå at Eirik går heilt til superfinalen i Idol 2013.
Georg, Sverre og Astrid Sugaren var dei tre med færrast stemmer og Georg rauk ut.
– Stem på Stian!
Steffen, som var på heimebane med dagens countrytema, men som fekk litt kritikk for at han hadde lytta til råd om å vera meir livleg på scenen.
– Eg synest Steffen song knallbra og det var litt urettferdig at han fekk så mykje pes for å ha gjort noko nytt på scenen, seier romkameraten Eirik.
Kveldens sending blei innleia av song av programleiar Stian Blipp akkompagnert av linedance av alle deltakarane.
– Det var litt vanskeleg, men veldig kjekt. Stian er ikkje berre ein kul programleiar, han er ein veldig fin fyr, seier Eirik og oppfordrar eigne fans om å stemma på Stian Blipp.
Blipp er nemleg nominert til publikumsprisen i årets Gullruten, som blir sendt på TV2 laurdag 11. mai.