Kultur | 12. apr. 2013

Eirik bak trommene

Eirik Søfteland set seg bak trommene når han i kveld syng «Månemannen» av Vamp. – Der er eg trygg. Det blir garantert god stemning, lover Idol-Eirik.

Eirik bak trommene
Eirik Søfteland er ikkje berre god på vokal, han er fast trommis for The Beauty, som debuterte på Søfteland Rock N LoL i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 12. apr. 2013 14:34

Unge Søfteland tok seg greit vidare då han sist fredag framførte Johnny Cash-låta «(Ghost) Riders in the sky» under countrykvelden på Idol. I kveld er det norsk som gjeld, og Eirik Søfteland skal framføra Vamp si låt «Månemannen».

– Eg høyrer jo ikkje akkurat mykje på norsk språkleg musikk, men Vamp har seg sansen for.

– «Månemannen» er ei kul, mystisk, trollsk rock 'n roll låt. Mørk og stemningsfull akkurat som eg liker det, fortel Eirik når han skal forklara låtvalet.

«Fort Søfteland»

I kveld skal ikkje artisten Søfteland berre synga, han skal òg gjera noko av det han kanskje kan enno betre, nemleg spele trommer.

– Det blir fullt sett, med solo og heile pakka.

– Vi er nett ferdig med kameraprøvene og eg har godfølelsen. Dette blir digg.

– Det blir ikkje ekstra stress å skulle spele samtidig med at du skal synge då?

– Nei, bak trommene føler eg meg trygg. Det er fortet mitt. Det er der eg føler meg skikkeleg heime.

Eirik veit enno ikkje kva nummer i rekkja av dei seks Idol-deltakarane han er i kveld, men Midtsiden tek sjansen på å koma med anbefaling om å få med seg programmet frå start i kveld. Av logistikk hensyn er det ikkje usannsynleg at han er første mann ut sidan han skal ha med seg eit heilt trommesett på scena.

Ei grei veke

Astrid Sugaren gjev uttrykk for på TV2 sine idol-sider at det har vore ei travel veke.

– Eg har eigentleg hatt ei grei veke.

– Det er sjølvsagt mykje å gjera, men det var verre sist veke då vi hadde ein dag mindre.

– Dei som går på jobb kvar dag frå åtte til fire har det mykje meir travelt enn vi har det.

– Einaste forskjellen er at vi har kamera på slep heile tida, noko som kan tappa energi, men mangel på energi er jo ikkje akkurat mitt største problem, ler entertaineren.

Dreg seg til

Går Eirik vidare i kveld er han blant topp 5 i årets Idol.

– Det bryjar å dra seg til, så folk må huske å stemme også i kveld, oppmodar Eirik Søfteland avslutningsvis.

Dette syng dei i kveld

Astrid Smeplass - Her (Carpe Diem)
Astrid Sugaren - Heim til mor (Odd Nordstoga)
Eirik Søfteland - Månemannen (Vamp)
Siri Jensen - Du sa (Kurt Nilsen)
Steffen Jacobsen - Skyfri himmel (Bjørn Eidsvåg)
Sverre Eide - Ring meg (Gabrielle)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.