Lokal | 17. okt. 2012

Ein tur opp i båten?

Det er høg flo i Os i dag. I natt kjem regn og liten kuling.

Ein tur opp i båten?
Høg flo i Lysefjorden onsdag i 13-tida. (Lesarbilde, foto: Stig Nielsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. okt. 2012 14:01

Det er stille og fint vêr, men kanskje likevel verdt å sjekka båten, om den framleis ligg ute.

Som vanleg er det springflo 1-2 dagar etter nymåne, og floa var på topp 202 cm rett før klokka 13 i dag.

På Buena i Lysefjorden gjekk landgangen på ei flytebrygge i oppoverbakke, ifølgje eit lesarbilde vi mottok.

I Os hamn såg det ikkje så høgt ut, men sjøen sto rett over plankane på delar av bryggesystemet rundt oselvarhopen.

I natt er det venta same vasstand, i morgon noko lågare, rundt 198 cm på full flo.

Sjå melding om vasstand på met.no.

Då er det også venta meir vind og mykje regn, opptil 10 mm og liten kuling frå morgonen av.

Torsdag er det venta 12 mm nedbør, fredag 20 mm nedbør. Men frå søndag og utover i veka skal det bli sol, ifølgje Yr.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.