– Ein tung tur heim
Vardeneset avgjorde sju minutt før slutt då dei i dag hadde Lysekloster på besøk.
– Det blei éin svak omgang og ein OK omgang for vår del.
– Men eg føler vi fekk dårleg betalt i dag, for vi kjørte dei godt. Vi har ein tung tur heim no, seier spelande trenar Thomas Sandal etter nok eit bortetap.
Vardeneset - Lysekloster 2-1 (1-0)
Mål, Lysekloster: Kim Kleivedalen
Vertane gjekk opp i 1-0 etter litt klabb og babb i feltet etter corner.
Eit kvarter ut i 2. omgang utlikna Kim Kleivedalen.
– Vi pressa godt på mot slutten, men fekk ei avgjerande kontring imot sju minutt før slutt, fortel Sandal.
Stord spelte uavgjort 2-2 borte mot Austevoll i dag og er no a-poeng med Lysekloster og toppar tabellen på betre målforskjell.
Lysekloster: Arne Veim Haugland - Baste Jonassen, Thomas Lyngbø, Kim Krogsethagen, Thomas Greipsland - Frode Buvik, Martin Eidsvik (Thomas Sandal), Johannes Jordal (Ørjan Skilbrei), Stefan Bernsen (Joakim Hovden) og Kim Kleivedalen.
Lysekloster speler neste kamp på heimebane mot Randaberg laurdag om ei veke (kl 15).