– Ein stolt dag
– Soldat er eit heidersnamn, sa kapteinløytnant Olav Kvinge under minnemarkeringa i Minneparken søndag.
8. mai, frigjeringsdagen og, sidan 2010, veterandagen.
Søndag samla folk seg i minneparken for å heidra unge og gamle veteranar og dei som framleis er ute på oppdrag.
Etter prosesjon frå Rådhuset til Minneparken med Os Musikkforening i front opna ordførar Terje Søviknes markeringa.
– I dag går tankane til soldatane som har vore og dei som framleis er ute i internasjonale aksjonar.
Søviknes meinte at minneparken, som blei til på dugnad i Osbygda i 1946, var ein viktig plass for noverande og komande generasjonar.
Som musikalsk innslag song Anna Solberg Andersson og Fredrik Schmidt Fotland «Til ungdommen».
– Dei fortener stor respekt
Hovudtalar på markeringa var kapteinløytnant Olav Kvinge.
– Dette er ein stolt dag. Sidan 1962 har 8. mai vore ein offentleg flaggdag og det er eit symbol på fred, eit fritt folk og demokrati.
Kvinge heidra dei som har bidrege og dei som framleis er ute no.
– Soldat er eit heidersnamn. Det er også veteran. Dei fortener stor respekt, mange har kjempa for dei heime og ute, nokre har måtte tatt liv eller ofra sitt eige. Nokre blei skadd og andre slit med seinskader og kjemper dagleg mot eigne demonar.
Kvinge fortalte at mange ser med uro på det som skjer rundt i verda i desse tider.
– Frykta for det ukjente er ofte opphav for mange konfliktar. Mange venter på «sitt» 8. mai.
– Aldri meir 9. april. Eg vil takka alle som har bidrege til av vi har fått vårt 8. mai.
Markeringa blei avslutta med at det blei lagd ned kransar på minnesmerkene i Minneparken og speidarane la krans på fleire graver på kyrkjegarden.
Var fallskjermjeger under krigen
EIn av veteranane som var med på markeringa var Erling Lunde.
– Eg trur eg må vera den eldste som var med i dag, sa den spreke 91-åringen.
Han var sjølv med under 2. verdskrig blant anna som fallskjermjeger. Men då 8. mai blei feira i 1945 var han framleis utanlands.
Sjølv når sigeren var eit faktum så kjentes ikkje Erling for å feira.
– Det var nok annleis for oss som hadde vore ute og med alt det vi hadde vore med på.
Men å vera med å minnast 8. mai er ein tradisjon han ikkje vil gå glipp av.
– Det er bra at dei har ei slik markering, det var ein fin sermoni. Nokre stadar i Noreg markerer dei ikkje dagen i det heile tatt.
– Så lenge helsa held vil eg halda fram med å koma her kvart år.