Sport | 05. feb. 2013

Ein særs god kamp

...men likevel null poeng. Osherrane låg under med fem mål til pause, tok att forspranget, men klarte ikkje vippa det til siger.

Ein særs god kamp
Einar Godø gjorde ein god andre omgang og stengde meir eller mindre buret (arkivfoto: Solveig Sønnøve Hamre)
Andris Hamretysdag 05. feb. 2013 09:01

Det blei høgdramatisk i Oshallen laurdag då herrelaget til Os tok i mot serietoar Kjøkkelvik til oppgjer. Dette var ikkje berre ein kamp om to poeng, men òg å sikra seg ein god posisjon med tanke på opprykk før serieinnspurten.

- Vi er framleis med i kampen om opprykket, slik det ser ut så vil dei tre første laga rykke opp.

- Ein av dei plassane skal vi ha.

Ostrenar Leif Idar Røen er optimistisk, sjølv om laget hans mista to poeng etter 25-26 tapet for Kjøkkelvik.

- Ein j.... bra kamp

Røen er særs nøgd med kva gutane presterar.

- Det blei ein kamp med høgt tempo. Gutane leverar eit godt spel og ein utruleg god moral.

- Diverre er det eit par på parketten som bidreg til at vi iallefall ikkje hadde heimebanefordel på laurdag, seier Røen.

Tre gongar var Os igjennom og satte ballen i mål, men blei avblåst og fekk frikast i staden.

Blodet rant

At det var tøffe tak mellom dei to laga fekk Jørgen Wold kjenna.

- Han fekk eit kutt over auge. Frode Vindenes, som er lege, plastra han saman så han kunne helde fram å spele, men mot slutten berre rant det.

Etter kampen måtte Wold ta turen på legevakta og få sydd augebrynet saman igjen med tre sting.

Einar stengte

Kampen starta med at Os i første omgangen ikkje klarte å omsetja sjansane dei fekk til mål.

- Det er den enkle forklaringa på kvifor vi ligg under til pause. Vi bommar rett og slett for mykje.

- I andre omgangen stengjer Einar Godø buret. I tillegg kjem presisjonen framover seg og då tek vi igjen dei 5 måla på berre sju og eit halvt minutt.

Resten av omgangen følgjer dei to laga kvarandre tett. Os har sjansen til å gå forbi, men klarar aldri å komma meir enn ajour.

Allereie fredag kan Osherrane få hevn då dei igjen møtar Kjøkkelvik i Scandic Cup, ein cup kor lag frå 2. til 4. divisjon møtast i ein lokal variant av NM.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.