Ein osing på Tinget
Lesarinnlegg, Terje Søviknes: Vi treng ei lokal røyst i rikspolitikken!
Laila Reiertsen (FrP) har dei siste fire åra hatt sete i Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget. Her har Laila arbeidd med ei rekkje arbeidslivsrelaterte saker; - m.a. pensjon, folketrygda, NAV og endringar i Arbeidsmiljølova. Laila har òg vore med på ei rekkje representantsforslag, t.d. tilpassa utdanning og arbeid for personar med utviklingshemming og betre vilkår for pleiepengar for pårørande med sjuke barn.
I tillegg har ho deltatt i mykje internasjonalt arbeid både i Nordisk Råd, Europautvalget, og EFTA- og EØS-parlamentarikarkomiteane. For oss osingar er nok likevel direktelinja vi har hatt inn i rikspolitikken knytt til E39 Os-Bergen det viktigaste. Laila har hatt ei sentral rolle i arbeidet med vegen, og når prosjektet kjem til endeleg handsaming i Stortinget til hausten treng vi hennar stemme i Stortinget.
Laila er ein engasjert og omsorgsfull politikar som evnar å sjå enkeltmenneska bak systema.
Mange har fått hjelp til sine konkrete saker etter å ha tatt personleg kontakt med henne. I politikken er det lett for at fokuset hamnar på dei overordna rammene. På systemet, loveverket, forskrifter, finansieringsmodell osv. Bak dette finn vi alltid menneske av kjøtt og blod, men sine individuelle utfordringar, følelsar og skjebnar. Laila ser desse personane, og evnar å ta fatt i endringar som må til for å gjera kvardagen betre for mange.
På dei fleste meiningsmålingar den siste tida er Laila inne på Stortinget for ein ny periode. Men 3. plassen på Frp si liste i Hordaland er usikker, og stortingsplassen krev mobilisering av oss osingar. Fire år på Stortinget er kort tid, og med utsikter til at Frp kan komma i regjering etter valet et det endå viktigare at Os er representert på Stortinget.
Vi vonar du vil vera med å gje Laila fornya tillit ved valet 9. september. Kvar stemme tel!
Vi treng ei lokal røyst i rikspolitikken!
Mobiliser for ein osing på tinget – stem Fremskrittspartiet på måndag!
Terje Søviknes