– Ein ny vår!
Restauranten og kafeen på Oseana er i gang. – Etter ein vinter med halvbroten rygg, går vi no mot ein ny vår, smilte Berit Steen då drivarane inviterte til prøvesmaking.
Roald og Anne Rita Mjelstad blei for vel ein månad sidan valt som nye drivarar av kafeen og restauranten på Oseana. Allereie etter ein snau månad var dei i gang med det første store arrangementet då dei serverte omlag 200 gjestar tapas då Amfi Os feira 25-årsjubileum.
– Det blei rett og slett fantastisk.
– Eg har berre høyrt skryt frå alle i alle aldre etter festen, fortel Anne Kristine Tøsdal, senterleiar på Amfi Os.
Ærlege tilbakemeldingar
Tysdag denne veka inviterte Mjelstad ansatte og styre på Oseana, naboar i den næraste blokka i Os sjøfront og nye og gamle kunder til prøvesmaking av nokre av rettane på menyen.
– De er ikkje her berre for å eta, de må jobbe for maten òg, smilte Roald Mjelstad då han delte ut evalueringsskjemaet deltakerane skulle nytta.
– Vi ønskjer dei ærlege tilbakemeldingane, både frå de som er her no og kundane våre i kvardagen.
– Vi blir ikkje betre enn det kundane gjer oss til. Vi skal heile tida strekka oss litt lengre og vera betre i morgon enn i dag, fortalte Mjelstad.
Eigen Oseanaburger
På prøvesmakingsmenyen sto forrettar av klippfisk, andebryst og laks, til hovudrett kom biff og kveite på bordet, før det heile blei avslutta med Operakake og jordbær med myntepesto.
– I tillegg er vi frykteleg spent på kva de tykkjer om Oseanaburgeren.
– Den har dei tre kokkane og vi komponert sjølv, og vi håpar den fell i smak, fortalde Anne Rita Mjelstad.
– Prøver oss frem
Og tilbakemeldingar fekk dei, nådelaust ærlege.
– Litt for salt..., litt for sterk..., ååå nydelig..., perfekt..., summa det rundt borda.
– Dette er akkurat det vi vil høra. Vi er framleis i fasa kor vi prøver oss fram, sjølv om vi har funne kombinasjonar vi meiner fungerar, så skal smakane vera dei same kvar gong retten kjem på bordet og då treng vi desse tilbakemeldingane, fotel Anne Rita.
140 på buffet
Sist sundag hadde restauranten den offisielle opninga i samband med reopninga av kunstutstillinga i Griegsamlinga.
– Eg trur vi hadde omlag 140 til søndagsbuffet då.
– Det var mykje positive tilbakemeldingar og eg har inntrykk av at folk var glade for at vi var i gang.
– Måndag og i dag (tysdag, journ.mrk) har det ikkje vore så mange innom, men det er gjerne at dei ikkje er klar over at vi er i gang som er grunnen til.
– No gjeld det berre å levera når publikum kjem på 1. mai-buffeten, 17. mai-lunsj og kvar einaste dag. Vi kan ikkje legga oss bakpå, avsluttar Roald Mjelstad med eit smil.