Ein haug med lokaloppgjer
Sjå avdelingsoppsett for 6. og 7. divisjon.
Før jul blei det klart at Os og Lysekloster hamnar i same avdeling i 3. divisjon.
Dei to møter kvarandre i serieopninga.
Os 2, som rykte ned i fjor, hamnar i same avdeling som Nore Neset i 5. divisjon.
I midten av desember kom avdelingsoppsettet for 6. divisjon, i dag kom oppsettet for 7. divisjon.
Søre Neset rykte i fjor ned, og har hamna i avdeling med Nore Neset 2 i 6. divisjon.
Søre Neset - Nore Neset 2
6. divisjon avdeling 1 (av 4 i Hordaland)
Austevoll 2
Baune 2
Bergkrystall
Djerv 2
Eikelandsfjorden
Loddefjord 4
Nore Neset 2
Sleipner
Sædalen 2
Søre Neset
Utsikten
- Sjå alle avdelingane i Hordaland på fotball.no
Søfteland - Os 3
Søfteland kom på 4 plass, eitt poeng frå 3. plass og fire poeng frå 2. plass og kamp om opprykk frå 5. divisjon i avdeling 2 (av 3) i 2019.
Så trekte dei laget sitt før 2020-sesongen, ein sesong som uansett ville blitt pandemi-avlyst.
No er dei tilbake med seniorlag, etter å ha stått over halvannan sesong, og møter eit anna lag som gjer comeback, Os 3.
7. divisjon avdeling 5 (av 5 i Hordaland)
Baune 3
Bjarg 3
Kalandseid
Njardar/Tysnes
Ny-Krohnborg 2
Os 3
Smørås 3
Stemmemyren
Søfteland
Trane 2
- Sjå alle avdelingane i Hordaland på fotball.no
Det betyr at det blir lokaloppgjer, heime og borte, i både tredje, femte, sjette og sjuande divisjon i år.
I tillegg kan det koma NM-oppgjer mellom Os og Lysekloster, som eit niande derby i 2023.
Med comeback av Søfteland og Os 3 kan det også bli kamp om seniorspelarane i bygda. Midtsiden kjem tilbake med status på Søfteland og Søre Neset i eigne saker.