Lokal | 04. des. 2012

- Ein grundig dom

Forsvarar, aktor og pårørande er samde. Dommen i draps- og voldtektssaka er grundig.

- Ein grundig dom
Pressa flokka seg kjapt rundt Hilda Feste sine nevøar for å få deira reaksjonar på dommen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 04. des. 2012 15:49

Tingrettsdommar Gunnar Rode Torvund las tysdag ettermiddag opp slutninga og premissane i valdtekts- og drapssaka mot den 19-årige osingen.

- Saka er sannsynlegvis ein av dei mest alvorlege straffesaker i Noreg etter krigen, med ein så ung gjerningsmann, las Torvund opp.

Dommarane meiner i straffeutmålinga at drapet aleine kvalifiserar til fengsel i 16 til 18 år.

Når det gjeld voldtekta meiner retten at det foreligg slike skjerpande omstende at om ein tenker seg at drapet ikkje hadde blitt gjort så ville det kvalifisert til fengsel i rundt 6 år.

Ung og umoden

Retten legg ikkje vekt på den sjølvpåførde rusen tiltalte hadde påført seg sjølv ved å drikka 60% sprit, men har ei viss forståing for at straffa for ein umoden 19 åring kan verke noko meir belastande enn for ein eldre person.

- Tiltalt må påregne og tilbringe heile sitt unge vaksen liv i fengsel til han blir ein moden mann. Dette er år som for dei felste er særs viktige, kor familie stiftes og kor utdanning og arbeid har fokus.

- For tiltalte blir denne delen av livet satt på vent i mange år. Samla sett gjer desse momenta at fengselsstraffa settes noko ned, grunngav dommaren.

Den dømde 19 åringen ba om betenkningstid for å vurdera dommen.

Vil vurdera straffeutmålinga

Aktor Gert Johan Kjelby meiner dommen er ein grundig dom og langt på veg i tråd med den prosedyra han la fram.

- Det er to års avvik i høve til mi påstand på 21 år. Saka sendast difor til riksadvokaten for vudering, forklarte Kjelby.

- Forferdeleg tung

Forsvarar Rolf Knudsen fortel at klienten hans tek dommen på 19 år fengsel tungt.

- Det er fryktelig tungt for han. Vi hadde forebudd han på at han kunne bli dømd.

- No vil han nytte dei 14 dagane han har i høve til å anke for å sjå på dommen og bestemme seg for om han vil anke. Vi vil sjølvsagt rådgje han i den samanhengen.

- Dommen er grundig. Vi har fått noko gjennomslag for at hans unge alder og modenhet måtte få ei betydning for straffeutmålinga. Dette tek vi med oss vidare, seier Rolf Knudsen.

Ingen formidlande omstende

Dei pårørande som var tilstades då dommen blei lest opp i Nordhordland Tingrett tysdag gav uttrykk for at dei satte pris på den grundige dommen og at dommarane ikkje fann nokon formildande omstende.

- Dommen slår fast utan tvil kven som er den skyldige.

- Vi håpar det ikkje blir nye runder i rettsalen. Familien har behov for å kome tilbake til ein så normalisert tilstand som mogleg, fortalde Egil Aadland, Hilda Feste sin nevø til dei frammøtte pressefolka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.