- Ein god start på dagen
Onsdag morgon vitja forsvarsminister Grete Faremo Compact på Søfteland. Ho blei imponert over det ho såg.
Allereie i 1953 starta den Søftelandsbaserte bedrifta med leveransar av næringsrik stridsrasjon og beredskapsmat til forsvarsmarkedet og til sivil beredskap.
- No har vi ikkje dei kontraktane med det Norske Forsvar lenger, men er ei prioritert bedrift ved mobilisering. Soleis er har vi mindre å gjera med Forsvaret enn tidligare , forklarte administrerande direktør Øyvind Ramberg som håpa på meir samarbeid i åra som kjem.
Ba ministeren helsa
Som følgje av sultkatastrofa ved Afrikas Horn har Compact sine lagre av naudmat som BP-5, BP-100 og eeZeePaste i Noreg, Danmark, Dubai, India og Kenya blitt tømde.
- Vi har i tillegg eit godt samarbeid med Nærings- og Handelsdepartementet slik at vi har fått låne av deira beredskapslagre for å dekkja etterspurnaden.
Ramberg ba forsvarsministeren helsa til kollegaene i Nærings- og Handelsdepartementet.
- Me er utruleg imponert og takknemlige for at dei har klart å besvare våre henvendelser sjølv etter etter hendinga 22. juli kor Nærings-og Handelsdeparementet blei råka, helsa han.
Ei helsing ministeren lovde å ta med seg tilbake over fjellet.
To skift – to liner
For å dekkje etterspurnaden og tilbakelevere BP-5 til beredskapslagrene vil Compact starte opp med to skift på båe produksjonslinene i lokala på Søfteland i løpet av dei næraste 2-3 vekene.
- Vi held på å rekruttere nye folk i disse dagar, så i løpet av kort tid har vi ressursane som trengs for å kunne køyre to skift fram til jul.
Produksjon i India
Compact rekrutterar omlag 80-90% av arbeidsstokken frå lokalmarknaden.
- Vi ønskjer framleis å ha produksjonen lokalt på Søfteland, men vurderer behovene for større plass til mellomanna lager for å handtere etterspurnaden av produkta våre, forklarte direktøren like mykje til dei lokale Ap-politikerane i følget til ministeren.
For å betre produksjonskapasiteten etablerte Compact i 2008 eit dotterselskap i India.
- Fabrikken i India er omlag på samme størrelse som den på Søfteland med ca 30 tilsette. I 2009 var dei i produksjon og no leverar dei store mengder av den spesialtilpassa «pasten» berekna for behandling av akutt underernærte born. Dette er ein svært energirik peanøtt paste, tilsett viktige vitamin og mineral, som har vist seg som ein svært effektiv. Pasten produserast også på ei produksjonslinje på Søfteland, og dei største kundane er typisk UNICEF og Leger Utan Grenser.
- Det gleder eit gamalt bistandsministerhjarte å høyre at dykk har lykkast med etableringa i India og at Compact no leverar viktige varer til verdsmarknaden både frå Noreg og India , smilte forsvarsministeren før ho blei teken med på ei omvisning i produksjonslokala på Søfteland.