Sport | 02. nov. 2015

Ein god sesong i Oselvo

Den totale fangsten er dobla frå i fjor og det digitale fiskekortsalet blei ein suksess - også til fisketuristar frå utlandet.

Ein god sesong i Oselvo
Paul Lekven (t.v.) tok årets første laks i Oselvo (Oskar). Her saman med Berge Sørstrønen i starten på det som blei ein god sesong. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 02. nov. 2015 12:11

Bildeserie:

Kjell Morten Søvik med det som blei den nest største fangsten i år (Foto: Ole Vidar Søviknes, prohd.no)
Kjell Morten Søvik med det som blei den nest største fangsten i år (Foto: Ole Vidar Søviknes, prohd.no)
Total fangst i Oselvo i 2014.
Total fangst i Oselvo i 2014.
Årets fangst i Oselvo.
Årets fangst i Oselvo.
Leiar i fiskeutvalet, Ove Tumyr, her med årets Oskar i 2011. (Foto: KVB)
Leiar i fiskeutvalet, Ove Tumyr, her med årets Oskar i 2011. (Foto: KVB)
1 av 4

Tysdag 15. september blei årets sesong i Oselvo avslutta.

– Starten var veldig bra, men så dabba det litt av. Sjølv om hausten har vore tørr fekk vi ein dag med nedbør og ei god elv å fiska i heilt på tampen, seier leiar i fiskeutvalet i Os Jakt- og Fiskelag, Ove Tumyr.

Ifølgje leiar for grunneigarlaget, Olav Valle, blei det tatt 915 kilo med laks i Oselvo i år mot 409,6 kilo i 2014.

Vassføringa er svært avgjerande for fisket i Oselvo og sommaren i fjor var uvanleg varm og tørr.

– Sånn sett kan du seia at vi no er tilbake til normalen.

Sjeldant lite oppdrettsfisk

Ein annan gledeleg faktor er at det i år er tatt langt mindre oppdrettslaks enn i fjor.

I 2014 blei det fiska 115 stk (113 kg), i sesongen i år blei det tatt 27 stk (71 kilo).

Først og størst

Paul Lekven er medlemmet i Os JFF som tok årets første laks på land, og dermed er årets Oskar.

Sjå video og bildeserie frå første fangstnatt!

Magnus Lyssand sin laks på 14-15 kilo tatt i Kremretten dagen før sesongen var over (14. september), blei ifølgje prohd.no årets største.

Den nest største var på 11 kilo, den var det Kjell Morten Søvik som tok 23. juli.

Nesten halvparten av fisken som blei tatt blei fiska i sone 2 og 5, 312 kilo og 140 kilo. I kremretten blei det fiska 116 kilo.

Sjå komplette rapportar frå 2014 og 2015 i bildeserien over.

Digitale villmarksfolk

Nytt i år var sal av fiskekort på nett, via inatur.no.

– Dette fungerte heilt fantastisk. Vi har hatt godt sal og det ser ut som om alle har fått det til, sjølv om fleire av oss byrjar å bli vaksne karar, seier Tumyr.

Auka fisketurisme

Før fiskekortsalet starta, og mens vi var i sesong, fekk Tumyr enkelte telefonar med spørsmål om korleis det skulle gjerast. Men alle fekk det til.

Blant dei som ringte var det fleire utlendingar.

– Vi har hatt fleire fisketuristar enn før, folk har ringt frå både Danmark, Frankrike og Polen med spørsmål om fiskekort.

– Her var det digitale salet også til hjelp, fortel Ove Tumyr.

Vil du lesa meir om fiske i vatn, elv og sjø i Os?

Sjå Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.