– Ein fin miks
Handball-herrene til Os Turn spelte sundag sesongens første treningskamp. – Vi har ein del å jobbe med, men det skal bli bra dette, meiner trenar Jesper Svensson.
1. juli blei det kjend at Os-herrane hadde henta elite-trenar Jesper Svensson frå Bodø til Os. 1. august hadde svensken si første trening i Oshallen, og sundag leiia han laget for første gong i kamp, då herrane møtte divisjons-kollega Sotra i treningskamp, ein kamp Os vann 23-22 etter å ha leia 13-11 til pause.
– Det går på fram, men vi har framleis mykje å jobba med, oppsummerar Svensson etter å ha sett spelarane i kamp.
– Noko var bra i dag, andre ting ikkje fullt så bra, men det skal vi få retta på.
Tynn stall
Den tidlegare eliteserie-trenaren, som er busett på Stord, tykkjer han har ei fin gruppe å jobba med på Os.
– Det er ein fin miks av unge og litt eldre spelarar.
– Vi har førebels vore litt få på trening grunna ferie og lignande, men eg håpar det vil betre seg no når skulen byrjar.
– Stallen er nok litt i tynnaste laget. Vi ser berre i dag, når vi får tre skadar, då har vi ikkje mykje å byta med.
– Vi bør nok freiste å henta ein venstreback for å supplera dei som allereie er her, så skal det bli bra dette, fortel Svensson.
Frå fjorårssesongen er det berre Espen Risti som har lagt handballskoa på hylla.
Test til helga
Allereie neste helg får Osherrane ein skikkeleg test, når dei møter Årstad, Kjøkkelvik 2 og Åsane i Åpningscupen i Haukelandshallen.
– Det er jo å sjå på som treningskampar, men vi vil jo gjera ein så god figur som mogleg, avsluttar Os-trenaren.
Første seriekamp går heime i Oshallen mot Åsane sundag 15. september.