Ein ekte fire-man!
Os Kammerkor trengte hjelp i høgda i dag.
Os Kammerkor, som tar seg av heising og firing av fleire av Os kommune sine flagg, hadde fått opp alt som skulle blafra i vinden i dag.
Første påskedag er ein av årets 15 (16 når det er Stortingsval) årlege offisielle flaggdagar.
Verre var det då flagga skulle ned igjen.
– Det eine flagget utanfor rådhuset hadde surra seg fast i den kraftige vinden, så vi tok med oss liften for å få flagget laust, fortel varabrannsjef Arne Monsen.
– Mens vi var ute svingte vi oppom for å hjelpa til ved sjukeheimen òg. Dei heiser og firer flagga sine sjølv, men også der hadde det vikla seg litt fast.
Resten av påsken har vore roleg, einaste utrykking har vore til ein automatisk alarm i ein bustad i Vågshaugen. Der var det svilukt, men ingen brann.
Offisielle flaggdagar i Noreg
1. nyttårsdag
21. januar (HKH Infrid Alexandra)
6. februar (samefolkets dag)
21. februar (HM Kong Harald V sin bursdag)
Første påskedag
1. mai (arbeidernes dag)
8. mai (frigjøringsdagen)
17. mai (grunlovsdagen)
Første pinsedag
7. juni (unionsoppløysinga)
4. juli (HM Dronning Sonja sin bursdag)
20. juli (HKH Kronprins Haakon sin bursdag)
29. juli (Olsokdagen)
19. august (HKH Kronprisnesse Mette Marit sin bursdag)
Dagen for stortingsval
25. desember (første juledag)
Det er ein eigen lovforskrift i Noreg om flagging på statlege bygningar.
Frå mars til oktober skal flagget opp klokka 08.00, frå november til og med februar klokka 09.00. Flagget blir hala ved solnedgang, men ikkje seinare enn klokka 21.00. (Eigne tider for dei tre fylka lengst nord).
Det er ingen lovpålegg som gjeld privat bruk, men det er vanleg å strekka seg etter det offentlege sitt reglement.