Ein dag med krangling
Aggressive gutar, unge kvinner og vaksent ektepar – politiet blei tysdag kalla ut på tre ulike tilfelle av krangling og trugslar.
Tysdag i 13-tida rykte politiet ut på melding om krangel mellom to gutar i ungdomsskulealder.
– Dei skal ha vore svært aggressive. Noko av krangelen skal ha handla om noko som starta på internett, blant anna eit spel, seier politibetjent Anne Lyssand.
Politiet vil prøva å få til eit forsoningsmøte mellom dei to.
Kvinne melder kvinne for trugslar
To timar seinare rykte politiet ut til ei kvinne som føler seg truga av ei anna kvinne.
– Dei to er i 20-åra og konflikten skal handla om ein mann.
– Fornærma bad om at det blei ilagt besøksforbod og vil melda den andre parten for trugslar.
Par i krangel
I 18-tida fekk politiet melding om krangel mellom eit ektepar som er i ferd med å gå ifrå kvarandre.
Det var Os legevakt som varsla politiet.
– Partane skuldar kvarandre for ulike ting. Dei bur framleis under same tak, men mannen fekk i går pålegg om å halda seg vekke frå bustaden på kvelden og natt til i dag.
Avskilting, fotpatrulje og utanlandsk seljar
Tysdag ettermiddag, i 17-tida, fekk politiet melding om ein utlending som gjekk på dørene og selte julelys til 200 kroner.
– Vi hadde liknande episodar i fjor før jul, fortel Lyssand.
Politiet har ikkje møtt og sjekka om vedkomande har papira i orden.
Politiet stoppa ein bil som blei avskilta, då det var uklart om denne var omregistrert.
Klokka 22.20 gjekk dei fotpatrulje rundt Søfteland skule, der det den siste tida skal ha kome nokre meldingar om uro og bråk.