Lokal | 14. juli 2015

Éin av fire med promille

KV Tor kontrollerte 73 fritidsbåtar på Tysnesfest. 3 båtførarar blei mistenkt for høg promille, 18 med låg promille og 22 hadde manglande flyteplagg.

Éin av fire med promille
450 til 500 fritidsbåtar var samla på hamna i Våge under Tysnesfest (foto: KV Tor/Sjøforsvaret)
Andris Hamretysdag 14. juli 2015 08:11

På oppmoding frå lensmannen i Fusa og Tysnes bisto Sjøforsvaret med KV Tor med tryggleiken på sjøen i samband med Tysnesfest i helga.

450-500 fritidsbåtar var samla i Våge med mykje småbåt-trafikk i og rundt hamnebassenget.

Les òg: Nye rekordar på Tysnes

– KV Tor sine lettbåter patruljerte regelmessig i området og foretok kontroller opp mot førerrettigheiter av fritidsbåter, promille, flytevest og generelt forebyggande opp mot tryggleik på sjøen, skriv Jon Skålheim, skipssjef og kapteinløytnant på KV Tor i ei pressemelding.

Tre med for høg promille

Personell frå KV Tor kontrollerte 73 båtførarar for promille i løpet av helga.

– Tre av dei er mistenkt for å ha for høg promille. 18 båtførarar hadde låg promille, det vil seie at dei låg under grensa på 0,8, medan 52 båtførarar hadde 0.

– Det betyr at cirka éin av fire båtførarar kjørte båt med promille denne helga, konkluderer skipssjefen.

22 uten flyteplagg

I båtane som blei kontrollert var det til saman 261 personar.

– Vi kontrollerte òg om folk hadde flytevest på seg eller ombord i båten. 22 av dei 261 personane hadde det ikkje, fortel Skålheim.

KV Tor assisterte òg ved to grunnstøtingar i samband med festivalen.

– Det var ingen alvorlege hendingar på sjøen. Dei to båtane som grunnstøtte var episodar utan fare for personar eller båt. Dei blei begge assistert og slept av grunn, avsluttar skipssjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.