Ein av fem for tjukk
Kommunen vil opna Frisklivssentral for å hjelpa barn og vaksne med overvektsproblemer og folk som vil slutte å røyke eller snuse.
Tek ein utgangspunkt i landsgjennomsnittet er det omlag 500 barn og unge i Os kommune som har eit overvektsproblem.
– Ein frisklivssentral har eit potensiale til å utgjera ein forskjell, fortalde kommunalsjef Nils-Petter Borge då han presenterte utgreiinga om sentralen for tenesteutvalet.
Koma tidleg igang
Tal frå folkehelseinstituttet syner at ein av fem har eit fedmeproblem med ein kroppsmasseindeks (KMI også kjend som BMI) på over 30. Snitt-tal frå landsundersøkingar syner at 17% av gutane og 22% av jentene i tredje klasse er overvektige.
– Barn med overvektsproblematikk er viktig å satsa på. Kjem vi tidleg inn, og kan snu ein negativ trend i høve kosthold, vil vi kunne få store effekter av arbeidet.
– Problemet er ikkje berre barnet aleine, men også dei føresette kan trenga veileiing på mat og kosthold, samstundes som ungane kan få eit aktivitetstilbod, forklarte Borge.
Ser på Varafjell
Sjølv om rapporten ikkje tek standpunkt til kor ein frisklivssentral bør lokaliserast, anna enn at ein bør utnytta ledige lokalen og kanskje i samband med bygging av ny idrettshall på Kuventræ sjå på moglegheiten for ei lokalisering der, har kommunalsjefen gjort seg nokre tankar.
– På Varafjell har vi eit stort lokale med kjøken i eine enden og aktivitetsutstyr i andre enden.
– Eg trur det kan vera ein godt egna plass å byrja, kor dei føresette kan få veileiing med matlaging og kosthold, samstundes om borna får ei aktivitetsøkt, fortalde Borge.
Også for vaksne
Sjølv om born med eit overvektsproblem blir ei viktig målgruppe ser den breitt samansatte prosjektgruppa for seg fleire målgrupper for sentralen.
– I tillegg til borna, ser vi moglegheiten for eit tilbod til vaksne med sjukeleg overvekt som treng ei endring av levevaner og til personer som ønskjer å slutte å røyke eller snuse.
– Sentralen skal bli ein god møteplass og eit nav i folkehelsearbeidet som må fevne alle dei kommunale tenestene. Samarbeid på kryss og tvers i kommunen blir viktig, peika kommunalsjefen på.
Frisklivsresept og motivasjon
Ein treng ikkje vera definert sjuk eller ha ei diagnose for å nytta seg av tilbodet i frisklivsentralen.
– Det øvrige kommunale helestilbodet skal kunne skriva ut ein "Frisklivsresept" som ei henvisning til sentralen, men folk kan òg ta kontakt direkte for samtale og veileiing når sentralen kjem opp å gå.
– Sentralen skal vera open for alle, målet er å settja folk i stand til å ta vare på eigen helse og å handtera påverkningsfaktorar på denne.
– Eit prakteksempel på korleis dette arbeidet kan gjerast er måten LHL i Os jobbar på lokalt, rosa Borge.
Gratis, men...
Politikarane i tenesteutvalet var sjølvsagt opptekne av kva tilbodet ville kosta kommunen og deltakarar i sentralen.
– Årleg kostnad for sentralen vil vera omlag 800 000 kroner.
– Det å nytta tilbodet med samtaler og veileiing skal vera gratis for brukarane, men nokre av aktivitetane vil kunne kosta noko, til dømes symjing i Osbadet og liknande, forklarte Borge som tilrår ein gradvis oppstart av sentralen.