Ein av dei første
Meny i Industrivegen er som ein av dei første i kjeda blitt miljømerka.
Daglegvarebutikken i Industrivegen har klart dei strenge krava som blir stilt til ei verksemd som vil smykka seg med merket som Miljøfyrtårn.
- Det er eit initiativ som kjem frå kjeda sentralt, men det er klart det er kjekt å vera ein av dei første butikkane som klarte krava, smiler butikksjef Jahn Ingolf Lyssand.
For å kunne kalla seg eit miljøfyrtårn må dei ha alt på stell og oppfylla krav til alle bransjar generelt og til daglegvarebransjen spesielt.
- Det er strenge krav, mellom anna til arbeidsmiljø, innkjøpsrutinar, energibruk, transport og bosshandtering.
- Mykje av dette var allereie på plass då Meny tok over etter Drageset for tre år sidan, fotel Lyssand.
El-bil og sykkel
Eit av tiltaka butikken har sett i gang for å nå miljøkrava er grøn transport til og i arbeid.
- Rundt halvparten av dei tilsette syklar til jobb.
- I tillegg har vi el-bil som nyttast i det daglege, forklarar butikksjefen.
Andre tiltak for dei tilsette har meir sosial karakter, som fjellturar og lignande.
- For oss er det viktig at dei tilsette trivst saman, også utanfor butikklokala.
Svanemerke og grøn tanke
Som ei følgje av miljøsertifiseringa har òg merking av produkta i butikken blitt tydelegare.
- Korleis merker kundene at de har blitt miljøsertifisert?
- På fleire måtar. Blant anna er talet på svanemerka varer auka.
- Ein annan ting er kva kundene sjølv er opptatt av, og som passar i ein miljøprofil.
- Fairtraide-varer, lokalprodusert matvarer og økologisk mat er stadig meir etterspurt. Dette prøver vi å etterkoma så langt som råd er, sjølv om det er ei stor utfordring å arbeida med økologiske varer med tanke på blant anna utløpsdato, avsluttar Lyssand.