Kultur | 27. aug. 2012

Eigen benk til heidersmannen

Blant fem nyinnkjøpte steinbenkar som har kome på plass på Lysøen står Egil O. Laastad sin på heidersplass ved entreen til øya.

Eigen benk til heidersmannen
Egil O. Laastad på benken som ber namnet hans. (Foto: Jan-Ove Hansen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 27. aug. 2012 21:31

Tekst og foto: Jan-Ove Hansen

Søndag blei det markert at dei nye benkane som Lysøens venner har skaffa er klare til bruk. Fleire sponsorar har gått saman om å kjøpa fem steinbenkar som har blitt sett opp rundt omkring på Lysøen.

I strålande seinsommarvêr var det ein god del venar av Lysøen som kom for å sjå dei nye benkane, og å heidra ein utretteleg heidersmann.

Eige namn til kvar benk

Alle benkane har fått eige namn og er plasserte på fine plassar som passar til namnet. Men heidersplassen fekk heidersmannen Egil O. Laastad sin benk.

Den står plassert ikkje langt frå der du kjem i land og frå benken har du fin utsikt opp mot Ole Bull sin villa.

Heidersmannen

Styremedlem Anders Hassel Stub frå Lysøen sitt eigarstyre heldt ein kort tale til Laastad, der han la vekt på hans utrettelege arbeid for Lysøen.

Heilt frå byrjinga i 1974, då Fortidsminneforeninga avdeling Bergen fekk Lysøen i gåve frå Ole Bull sitt barnebarn Sylvea Bull Curtis, har Egil O. Laastad vore med og arbeidd i styret både som medlem og formann.

Kjenneteikna for hans virke i eigarstyret har heile tida vore kvalitet og at Lysøen skulle vernast på best mogleg vis.

Tur og konsert

Etter dei korte talane gjekk turen rundt på Lysøen i det fine seinsommarveret.

Seinare var det også konsert på Lysøen. Tor Johan Bøen og Einar Henning Smebye spelte verk av Eugène Ysaÿe, Cesar Franck og Ole Bull etter at Reidar Storaas innleia om den spesielle bakgrunnen for musikken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.