Lokal | 17. jan. 2016
– Eigar tok tak
Brannvesenet er nøgd med at båten som låg under vatn i Vargavågen raskt blei fjerna.
Kjetil Vasby Bruarøysundag 17. jan. 2016 09:40
Torsdag kveld fekk Os brannvesen, via Midtsiden, tips om at ei snekke låg delvis under vatn i Vargavågen.
– Det er ikkje alltid så lett å få tak i eigar ved slike potensielle forureiningssaker, men denne gong gjekk det raskt, seier varabrannsjef Arne Monsen.
Eigar meldte seg allereie fredag morgon og tok sjølv affære. Båten blei heva og fjerna.
– Det var noko skimmer av diesel i overflata, men dette var også det einaste. Det var ingen større utslepp i samband med havariet, seier Monsen.