Eidsvik tok ansvar
Martin Eidsvik skåra alle måla då Os 2 tok sommarferie med 4-1-siger over Frøya.
Os 2 har hatt ein svak vårsesong, men med sterke veteranar som fekk ungdomen til å blomstra, stor laginnsats og ein skamsvolten Martin Eidsvik blei det 4-1-siger i siste runde før sommarferien.
– Vi hadde med oss Tommy Hjelle og Rune Fjellberg frå oldboyslaget og gutetrenar Tim Henrik Sperrevik. Desse leverte ein knallinnsats på banen og var i tillegg viktige med måten dei inspirerte og dirigerte ungdomane på, seier trenar Einar Nytræ.
Frøya ville hamna på 2. plass med siger over andrelaget til Os, men med tre matchvinnarredningar på 15 minutt heldt Anders Solberg Strønen osingane inne i kampen.
– Anders var i storslag og med resten sin innsats og Martin sin skåringsteft blei det ein flott siger.
– Og det vil eg legga til, eg har ikkje sett Tim i sånn form på mange år. Han sprang mykje og hadde beldig flotte mottak, seier Nybø, som håper å sjå Sperrevik på banen for Os 2 fleire gongar denne sesongen.
Frøya - Os 2: 1-4 (1-2)
Målskårar, Os: Martin Eidsvik 4
Os sitt lag frå start: Anders Solberg Strønen, Tommy Hjelle, Rune Fjellberg, Stian Bakke, Håvard Grøteide, Håkon Kvittingen, Tor-Erik Berge, Martin Eidsvik, Tim Henrik Sperrevik og Johannes Jordal.
Innbytarar med speletid: Ruben Aasen, Egil Thuen og Monier (debut, afrikansk tilflyttar)
Os 2 startar haustsesongen med bortekamp mot Hovding 8. august. A-laget til Os har neste kamp heime mot Skjold førstkomande laurdag klokka 16.