Lokal | 02. aug. 2013

– Ei viktig del av historia

Storfint besøk på brannstasjonen då Stavanger Brannbilklubb stakk innom på veg til Bergen. – Gamle brannbilar er ein viktig del av ein plass sin historie, seier Rune Fotland.

– Ei viktig del av historia
Historisk besøk på brannstasjonen, då Stavanger brannbilklubb svingte innom (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 02. aug. 2013 15:19

Bildeserie:

Brannbilar på vitjing på brannstasjonen på Moberg (foto: Andris Hamre)

1 av 7

Torsdag ettermiddag fekk brannsjef Stein Gjøsund storfint besøk då seks veteranbilar frå Stavanger, Sandnes og Flekkefjord svingte inn på plassen framfor brannstasjonen på Moberg.

– Bergen brannvesen fyller 150 år og har invitert til veteranbrannbiltreff denne helga.

– Eit tredvetals brannbilar frå heile landet blir å sjå på festplassen, fortel brannbilentusiast Rune Fotland.

Viktig histore

Brannbilentusiastane i Stavanger Brannbilforening rår over dei seks bilane. Tre av dei framleis i kommunal eige i Stavanger og Sandnes, og tre av dei i privat eige.

– Vi meiner det er viktig å ta vare på bilane.

– Ikkje berre er det mange gode minner for oss som har jobba i brannvesenet og nytta dei i teneste, men dei representerar òg ein viktig del av historia til den plassen dei har vore stasjonert.

– Korleis hadde Stavanger sett ut om ikkje vi hadde hatt desse når det bryja brenna, spør Fotland retorisk.

Frustrasjon og glede

Dei seks fortel at turen frå Stavanger og Sandnes har tatt seks timar.

– Allereie før start måtte vi foreta ein naudreparasjon på ein av bilane.

– Turen opp Bømlafjordtunnellen var ikkje berre enkel. Det byrja koka litt i motorane då. Vi har vel brukt omlag seks jerrykanner med vatne på turen. I tillegg til ein god del drivstoff, smilar brannbilentusiastane.

– Men korleis reagerar folk langs landevegen når de kjem då?

– He he, ler entusiastane.

– Det er no så ymse. Nokre vinkar og jublar for oss, andre blir så forvitne at dei held på å køyra av vegen, medan andre igjen blir irritert fordi dei blir liggande bak oss ei lita stund.

– Vi prøver å svinge til sides ofte, slik at vi ikkje hindrar trafikken for mykje. Du veit dei går ikkje nødvendigvis så fort desse bilane.

– Finn entusiastane

Os brannvesen henta tidlegare i sommar fram den gamle Dimonden frå 1951, som har stått på lager i Lundefossen dei seinaste åra.

– Etter ei lita omvisning her på huset skal vi ta ein tur ned i gamle stasjonen slik at dei får sjå den, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

– Brannvesenet her på Os har jo lyst til å restaurera Dimonden, kva råd vil de gje?

– Finn nokre entusiastar som kan ta ansvaret for restaureringa.

– Det tek eindel tid, men er utruleg morro. I tillegg gjeld det jo å finna pengar, for det kostar jo litt.

– I år har vi endeleg fått inn på budsjetta i Stavanger at det skal settast av midlar til vedlikehald av dei gamle bilane, det bør dei prøva å få til her på Os òg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.