Ei utstilling som bør sjåast både dag og kveld
Elevar ved Bjørnafjorden kulturskule stiller ut i Os sentrum.
Før helga blei ei utstilling montert i Oshjørnet, i vindauga retta mot Catten og Osøyro Kolonial.
Utstillinga består av både to- og tredimensjonal kunst forma av elevar ved viselle kunstfag hos Bjørnafjorden kulturskule.
– Vi har 26 elevar frå 7 til 15 år gamle, delte i tre trinn, 10 elevar på kvart av dei to yngste trinna, 6 på gruppa for dei eldste, fortel lærar Inga Solsvik Søreide.
Elevane har fått jobba med både teikning, maleri, skulptur og med tekstil og søm.
– Vi har vore innom ulike uttrykk og media, både maleri, grafikk, skulptur, broderi og teikning.
Dag og kveld - med og utan skrik
I vindauga på Oshjørnet står skulpturar i leire, gips, tre, streng og teip.
– Ungdomsgruppa har laga skulpturar med utgangspunkt i menneskekroppen, med eit fokus på eit stilisert eller voluminøst uttrykk. Dei har òg linotrykk med utgangspunkt i mennesket.
Dei to yngste gruppene har laga karakteristiske skulpturar av tre.
– Dei starta med å laga arbeidsskisser, så overførte dei dette til tredimensjonalt uttrykk.
I midten av utstillinga står det tre lysskulpturar. Desse bør sjåast mens det er mørkt ute.
Elevane har òg vore og sett på Edvard Munch-utstilling og fått laga verk inspirert av hans kunstnarskap.
Utstillinga skal stå til 16. desember - dette er kunst som skal heim til jul.