For ei utsikt!
Bildeserie: Det var mange som ville bestilla rom då kommunen inviterte til kranselag på Luranetunet.
No er råbygget på nye Luranetunet kome opp. Ein passande grunn, syntest prosjektsjef Tor Inge Døsen, til å invitera arbeidarar, entreprenør, underentreprenørar, kommunalt tilsette, politikarar og presse til kranselag - og for å ønskja god jul.
– De av dykk som er osingar, har de funne rommet dykkar, undra Døsen då han helste gjestane velkomen til mat og drøs i kantina på Luranetunet.
Det var ikkje fritt for at gjestane både nikka og stadfesta at dei hadde funne draumerommet sitt.
870 000 per rom
Etter å ha gjeve ei kort innføring i prosessen frå kommunen vedtok omsorgsplanen i februar 2013, og ei arbeidsgruppe blei satt ned i 2014 for å planlegga nye Luranetunet, klarte ikkje Døsen dy seg frå å komma med eit lite spark til både politikarane og Bergen.
– Det kom ei antydning i sist kommunestyre at vi kanskje er litt slumsete på prosjektavdelinga. Til det vil eg seie at totalkostnaden på dette prosjektet er 275 millionar kroner, det gir ein kost på 3 millionar per rom. Når vi ser på det vi får i kompensasjon frå Husbanken og i momskompensasjon, så blir prisen på kvart av dei 97 romma 870 000 kroner.
– Til samanlikning så skal Bergen kommune byggje ein sjukeheim på Sandsli. Der er prisen 5,8 millionar per rom, og dei sit med ein nettokostnad på 2,97 millionar. Vi kunne bygd tre og eit halvt rom på Luranetunet for en prisen, så vi veit kva vi held på med.
Stolte politikarar og entreprenørar
Det var ikkje berre Døsen som hadde litt han ville seie i kranselaget.
– Eg er utruleg stolt av å sjå bygget ta form. Det er nesten ikkje til å tru kor kreativt det er tenkt som her. Det er inga plass det kan bli så bra å bu som her på Luranetunet for dei som ikkje kan bu heime lenger, sa Eirik Andre Hesthamar, leiar av styringsgruppa for prosjektet.
– Os kommune er litt utanom det vanlege. Eg er imponert over prosessane som starta i 2014 og som gir ferdig sjukeheim i 2017. Ein kan lura på kva andre kommunar driv med.
– Vi har fått ei passe dose kjeft og passe med skryt, men det gjer at vi leverar litt ekstra. No har vi rundt 50 handverkarar inne på bygget og bygginga er prega av ein god samarbeidsånd. Eg er stolt over å få vera med på eit så spesielt bygg. Det er ei glede å få det frå papiret til eit fysisk bygg, helsa Rune Vonheim, prosjektleiar frå Consto som fortalde at det har gått med 2600 kubikk med betong for å få råbygget på plass.
– Med unntak av trappene, er alt støpt på plassen. 350 betongbilar har vi hatt inn på bygget.
– Er liksom babyen
Ein ekstra spiss på laget blei det når nyutnemnd olje- og energiminister Terje Søviknes også dukka opp.
– Det er uvant å ikkje naturleg skulle seia noko i ein slik samanheng, men eg kan ikkje la vera. Dette er eit av Os sine største prosjekt og eit stort sprang for kommunen, på linje med då vi bygde den førre delen av Luranetunet i 2001.
– Eg gler meg til å komma tilbake når det er ferdig. Det er liksom babyen dette her, smilte Søviknes før han helsa alle ei god jul.