– Ei symbolsk handling
Det blei vakker musikk for dei reisande på Hatvikferja tysdag, då Os og Fusa lanserte opninga av Ungdommens kulturmønstring 2014.
I fjor på denne tida blei UKM-startskotet fyrt av på ferje for første gong.
– Turen mellom Os og Fusa er ei symbolsk handling, neste år er tredje gongen så då kan vi kalla det ein tradisjon, seier Kjetil Osablod Grønvigh frå kultureininga i Os kommune.
Vinn-vinn
Det har no blitt ein tradisjon at Os og Fusa arrangerer UKM saman, dette er det tredje året dei to kommunane samarbeider.
– Det er ikkje uvanleg at kommunar samarbeider om UKM, det gjer dei både i Nord- og i Sunnhordaland, fortel Erik Vangsnes, kulturleiar i Fusa kommune.
– For vår del så får vi eit større arrangement og vi får moglegheit å bruka dei flotte fasilitetane i Oseana, så det er vinn vinn for oss å ta turen over fjorden.
– Det gjer eit løft for ungdommane når den ytre ramma er så bra, så når vi fekk tilbodet så var det ikkje vanskeleg å seie ja.
– Og då vi flytta frå Fjellheim til Oseana, som er mykje større, fekk vi ei større mønstring med å slå oss saman med Fusa, seier Grønvigh.
Laga låt på to dagar
På ferjeturen i fjor var det osingen Elias Grimstad Salbu som underheldt på overfarten, medan det i år var 12 år gamle Natasja Smørholm frå Fusa som hadde med seg gitaren.
Natasja, som var med på fylkesmønstringa i fjor, framførte ein eigenkomponert song laga på to dagar.
– Eg blei ferdig med songen i går, men den har ikkje fått nokon tittel, fortel Natasja som tykkjer det er veldig kjekt å vera med på UKM.
Natasja skal vera med på UKM i år og, og denne gong skal ho framføra Muse sin versjon av Nina Simones slageren "Feeling good".
Ifølgje far Stian Smørholm, som har vore aktiv musikar i fleire år, har Natasja fått inn musikk med morsmelka.
– Men ho gjer si eiga greie, ikkje den type musikk eg har dreve med, fortel Stian, som blanta anna har vore bassist i black-metal bandet Immortal.
Ingen grenser for kva ein kan gjera
1. desember opna UKM for påmelding og Grønvigh fortel at dei allereie har fått eit dansenummer påmeldt.
– Det var veldig kjekt for vi sakna dansen i fjor.
Det er ikkje berre musikk og dans ein kan delta med på UKM, moglegheitane er store. UKM er òg staden for dei som er interessert i kunst, sceneteknikk, journalistikk, litteratur, foto/video, webdesign og arrangering.
– Eg håpa på å få inn ein styla bil i fjor, men det fekk eg ikkje, seier Grønvigh.
– Så eg sender utfordringa ut igjen eg, kjem det nokon som har "pimpa" ein bil, så skal eg klara å få den inn i Oseana.
Alle er vinnarar
UKM startar med lokale mønstringar i kvar einskild kommune for ungdomar mellom 13 og 20 år. Ein jury vel, innanfor rammene dei er gjeven, kva for innslag som skal representera kommunen i den påfølgjande fylkesmønstringa.
Ein jury på fylkesmønstringa vel til slutt kva for innslag/ kommunar som skal representera fylket på den avsluttande landsmønstringa.
– Det er ingen tradisjonelle «vinnarar» i UKM, det handlar heilt ut om å gje ungdomen ein profesjonell arena der dei kan få syna fram sine kulturelle uttrykk. Ein kan faktisk seia at dei alle er vinnarar, fortel Grønvigh.
– Det er ingen grenser for kva ein kan stilla med, har du ei knallgod matoppskrift eller skrive ein stil du er nøgd med så er det berre å melda seg på.
Lokalmønstringa for Os og Fusa foregår 26. januar og i fjor var det 24 innslag og 3 utstillarar med på mønstringa.
Så er du mellom 13-20 år så er det berre å melda seg på på UKM si heimeside.