– Ei svært god stemme!
Eirik Søfteland sin duett-partnar Gaute Ormåsen har lagt merke til osingen i årets Idol. – Hadde han ikkje vore så stødig ville eg ikkje takka ja, seier Ormåsen.
Vi unngjekk det mange frykta at nok ein favoritt skulle ryke ut i kveldens Idol då Eirik Søfteland tok seg trygt videre etter å ha nagla Frank Sinatra sin "My Way" og songe duett med Gaute Ormåsen, som kom på andre plass bak Kurt Nilsen i 2003.
– Eg har følgt med på årets idol og lagt merke til Eirik Søfteland.
– Han har ei svært god stemme. Hadde han ikkje vore så stødig ville eg ikkje ha takka ja til å synga duett med han på direktesendt TV, seier Gaute Ormåsen til Midtsiden fredag kveld.
Glad han fekk med seg Gaute
Eirik fortel at øvingane har gått bra og at han er glad for å at han fekk med seg Gaute.
– Det har vore utruleg kjekt å samarbeida med Gaute og knallgøy å stå på scenen med han.
– Det var pondus og jævleg bra
Dette sa dommarane til Eirik etter at han hadde tolka Frank Sinatra.
Dansken: Du viser ein allsidigheit og en lekenheit som går utanfor alt anna vi har sett. Det er litt surt nokre plassar, men du leverar med patos.
Kurt: Endelig synger du roleg og beherska. Du skal ikkje opp i hyleriet. Det er pondus og jævleg bra.
Gunnar: Eg er mållaus. Dette var utroleg bra.
– Du parkerte Gaute
Etter at Eirik hadde framført Paul McCartney og Michael Jackson sin klassiker "Say, Say, Say" i duett med Gaute Ormåsen fekk sangtalentet frå Os desse tilbakemeldingane.
Dansken: Når skal du slutte å overraske? Kva er det du ikke kan? Eirik, eg tykkjer det var kult, men eg skulle gjerne sett deg synge duett med ei jente.
Kurt: Gaute er ein fantastisk sanger, og de passar bra saman. Og du gjer det jævlig bra også!
Gunnar: Du parkerte Gaute Ormåsen!
Eirik fekk to firarar av Dagbladet sin anmeldar Torgrim Øyre. Tor Milde i VG var meir skeptisk og gav Eirik ein trear og ein firar.
Astrid Sugaren rauk ut i fredagens sending.