Ei strålande helg for ski
Skyfri helg på Vestlandet: Eikedalen opnar fleire heisar og Voss Fjellandsby byr på skimesse i helga. Nytt på messa i år er kurs i park-kjøring, altså jibbing og rails.
Det er meldt skyfri himmel fleire plassar på Vestlandet i helga, både i Os, i Eikedalen og på Voss skal det bli strålande vêr.
Eikedalen opna kveldskjøringa i går torsdag, og held fram med kveldskjøring over helga. Til no er det dei tre minste heisane som har vore opne, men i helga skal også Setertrekket og heile Seterløypa opnast.
På Voss er Ekspressheisen, Slettafjellet og Grebbebakken open, det er også Horgaletten og blåparken på Alphatoppen.
I Voss Fjellandsby er det denne helga tid for den årlege skimessa som osingen Jan Frode Skeie i MX Sport arrangerer.
– Vi har hatt rekordpågang på kursa, både alpine kurs, snowboard, telemark og frikjøring, men også innan langrenn, skøytekurset vi starta i fjor blei ein braksuksess, og på ettermiddagen er det smørekurs, seier Skeie.
Vil du bli kul?
Nytt i år er innføringskurs i park-kjøring, frå teori og barmark til varsam start på enkle rails.
– Dei som ikkje har meldt seg på gratis skiskule kan koma i messelokalet eller til skiskulen og høyra om vi har avbestillingar. Det nokre få ledige plassar, og det er truleg litt lettare å få plass søndag enn laurdag.
Ny messehall i nytt hotell
Under skimessa er det, i tillegg til gratis skiskule for rundt 1000 lærevillige, gratis testing av ski og eige messeområde.
– Messeområdet er i år flytta frå telt og inn i det nye hotellet. Eit konferanserom i førsteetasje blir brukt som messehall, seier Skeie.