- Ei spennande oppgåve
Osingen Kristian Strønen blei i helga valt som distriktsleiar i Hordaland Røde Kors. - Vi bur i eit spennande fylke, slår han fast.
Under Hordaland Røde Kors sitt årsmøte på hotell Ullensvang i helga blei Kristian Strønen valt til ny leiar i den frivillige organisasjonen. Strønen har dei siste fire åra sete som 1. nestleiar i distriktsstyret og blei utan motkandidat valt til å overta leiarvervet.
- Vi har som ein uskriven regel at leiaren sit i maks tre periodar. Audun Ingvartsen, som er forgjengaren min, hadde sitte i tre periodar og hadde lyst til å jobba meir innan Røde Kors Omsorg, så det var eit udramatisk val, fortel den nyvalde leiaren.
Noregs største
Som leiar i Hordaland Røde Kors får Strønen ansvaret for Røde Kors sitt største distrikt med 37 lokallag, 6000 aktive medlemmar og 22 000 støttemedlemmar.
- Samstundes er vi eit samensatt distrikt som fevner alt frå storbyproblematikk dei har i Bergen til noko av dei tøffaste fjellområda og nokre av dei tøffaste kystområda vi har i landet.
- Det er det som gjer Hordaland så spesielt interessant, fortel ein entusiastisk Kristian Strønen.
Ikkje berre hjelpekorps
Mange tenkjer krisesituasjoner og hjelpekorpset når dei høyrer Røde Kors.
- Det er ein viktig og sentral del av det vi driv med, men vi driv med så mykje meir.
- Organisasjonen er delt i tre avdelingar; Hjelpekorps og beredskap, Omsorg kor ein mellom anna finn besøkstenesta og Ungdom, forklarar Strønen.
Ønskjer fleire med
Som nyvalt leiar får Strønen ansvaret for å følgje opp strategien lagt i helga kor styrking av beredskap i lokallaga står øvst på lista.
- Vi har òg eit ønskje om å få fleire frivillige i organisasjonen og å bli meir synlege der vi er.
- Som dei fleste andre frivillige organisasjonane, anten det er idrett eller anna, så slit vi med rekruttering, difor trur eg det blir viktig å vera synleg. Vi må berre ta innover oss at det offentlege i framtida ikkje vil klare å ta hand om alt, og at vi frivillige må trø til.
- Difor er også barne- og ungdomsarbeidet og arbeidet som blir gjort innan omsorg sentralte områder i tida som kjem, forklarar Strønen.
Lager beredskapsplan
Strønen har sidan midten av 70-talet vore ein aktiv skikkelse i Os Røde Kors og har ikkje tenkt å gje slipp på det lokale engasjementet, sjølv om han no får ansvaret for heile fylket.
- Med bakgrunn i stormen Dagmar, som herja litt nord for oss i 2009 ser vi at vi treng å rusta oss lokalt om tilsvarande naturkatastrofer skjer.
- I Stryn, til dømes forsvann alle elektrisitet, telefon og mobilnett. Det var faktisk berre ein bensinstasjon som hadde naudaggregat på drivstoffpumpene og ein måtte rasjonera til dei som hadde ei oppgåve å gjera.
- I den hendinga fekk Røde Kors ei viktig rolle, med VHF-samband og mannskap som kunne gå frå dør til dør med informasjon til innbyggerane. Du veit, trær var velta og vegar var stengt, så det var ikkje berre enkelt å ta seg fram.
- Difor har vi no starta eit arbeid saman med brannsjefen, lensmannskontoret og helsetenesta i kommunen for å klarlegga kva vi i Røde Kors kan bidra med. Samstundes må vi få oppdatert våre eigne oversikter over kven vi kan trekka på og kva oppgåver den einskilde kan gjera, forklarar Strønen om planarbeidet.
Du kan bli spurt
Strønen fortel om båtberedskapen Røde Kors hadde på 80-talet.
- Då hadde vi kontakt med båteigarar som hadde sagt seg villige til å stilla båten sin til disposisjon om det var naudsynt.
- Mange stilte velvillig opp og vi førte kartotek-kort på kvar ein båt. Når lensmannen trengde bistand kunne vi berre gå i kartoteket og finna rett hjelp på rett plass.
- Ei slik oversikt vil eg freiste å få laga igjen som ein del av beredskapsplanen, så båtforeningar og andre kan godt hende blir kontakta igjen, forklarar Strønen som presiserar at ein vil ha behov for alt frå små robåtar til større fiskefarty.
- Men det er ikkje berre båtar vi håpar å få i beredskapsplanen. I Os Røde Kors har vi allereie 300 beredskapsvakter som har sagt seg villige til å trå til om noko skjer. Dette er ikkje hjelpekorpsfolk, men folk som kan vera sendebud, vakta, visa omsorg eller utføre andre oppgåver om ei større hending skjer.
- Sjølv om vi har mange på lista allereie, er det alltid plass til fleire. Det er berre å kontakta Nina Solvår Sælen på 928 20 798 eller Hordaland Røde Kors på 05003, avsluttar Strønen med eit smil.