Ei helg utan nattklubb?
Det er uvisst kor tid Irish Cat opnar igjen, samtidig har Bar2Be stengt for å pussa opp. Men akkurat denne helga er det likevel ein som skjenkar til 03.00.
Denne veka blei det klart at Irish Cat må halda stengt fram til alle avvik i tidlegare rapport er vekke.
Les òg: Irish Cat er stengt
Irish Cat-eigar Bjarte Andersen seier han jobbar på spreng med dei siste installasjonane, og har tett dialog med kommunen, for å opna igjen så snart som mogleg. Men det er førebels uvisst kor tid det blir.
I mellomtida ser det ikkje ut som om Bar2Be vil dra nytte av å vera åleine som nattklubb i Os. I går skreiv dei nemleg på eigen facebook-side at dei held stengt i sommar for å pussa opp.
Men kun for å benytte oss av de store festivalene til å endelig kunne holde stengt i en lengre periode (BAR2BE har vært åpen hver helg uten avbrudd i over 4 år!). Vi skal endelig pusse opp og fornye stedet skikkelig. Vi regner med at dere i 99% av tilfellene skal både på Rock 'n' LoL og Tysnesfest, og har derfor gjort det på denne måten for å ikke frata dere for mange gode utekvelder. Håper innsatsen vår settes pris på, ha noen fantastiske sommerhelger på festival! skriv leiinga i Bar2Be.
I tillegg har dei hengt opp ein plakat på døra der det står Vi er seff på Rock N LOL - hva faen gjør du her?
Særskilt brannobjekt
Midtsiden har ikkje lykkast å nå leiinga i Bar2Be om kva endringar dei vil gjera og kor tid dei vil opna igjen.
Mykje tyder på at ombygginga vil inkludera litt liknande arbeid som Irish Cat held på med, når det kjem til brannsikring, men i mindre skala.
– Bar2Be har førebels ingen krav hengande over seg, men lokalet deira har nyleg, etter at det opna restaurant på gateplan, fått status som særskilt brannobjekt, seier brannsjef Stein Gjøsund.
I april var brannvesenet på befaring og fann ting som måtte rettast på same dag for å unngå stenging, nattklubben mangla nemleg røykvarslarar. Men det kom raskt på plass.
– No må dei hyra ekstern brannkonsulent for full gjennomgang, for vi kjem til å følgja opp dette med tryggleik og mengde gjestar dei kan ha i forhold til rømningsveg, seier varabrannsjef Arne Monsen.
To helger med nattklubb på Solsiden
I blueshelga hadde pianobaren Solsiden ope ein time ekstra.
– Eg søkte om å auka frå 02.00 til 03.00 fredag og laurdag for å auka den samla kapasiteten i Os denne travle helga, seier Tore André Sagstad.
Søknaden, som også gjeld Rock N LOL-helga vi i dag går inn i, blei godkjent.
No håper Sagstad at dei andre nattklubbane snart opnar igjen.
– Vi har allereie stor pågang på pianobaren og håper mangfaldet i Os blir halde oppe. Det blir press på oss andre om begge nattklubbane held stengt lenge.
Sjølv har han tatt grep for å auka kapasiteten i egne lokale.
– Vi har fått lengre bar, fleire toalett og opna opp mellom sportsbaren og pianobaren for å få betre plass og serveringskapasitet, seier Sagstad.